8/19/2011

50% i rydde-og plantetilskot til økologiske frukthagar

Jordbruksoppgjeret i 2011 kom med positive nyhende for økologisk fruktdyrking. Det er no semje om å heve taket for tilskot til rydding og nyplanting av frukthagar frå maks 30% til 50% i dei tradisjonelle fruktdistrikta i Noreg.

Det vert gjort får stimulera til meir omlegging til økologisk drift - og for å lette omstillinga for dei som dyrkar sortar økologisk og konvensjonelt, som ikkje lett kan skiljast frå kvarandre (les meir om parallellproduksjon her...). Detaljar om den nye ordninga kjem i BU-rundskrivet i haust. Ordninga vert gjort gjeldande frå 2012, men det kan vera greit å legge planar for søkaden allereide no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter