Rolker har årevis med erfaring som økofruktdyrkar, lagerstyrar og forskar på ein stasjon/ fruktplantasje i fruktdistriktet Altesland, like utanfor Hamburg i Tyskland. Han har tidlegare vore i Noreg for å halda innlegg, i tillegg til at fleire av oss rettleiarane og dyrkarane har vore på besøk hjå han i Tyskland. Peter snakkar flytande dansk.
For meir informasjon, sjå nettsida hans: http://www.rolker.com/
SOGN - Tysdag 23.augustkl 12.30 på Njøs Næringsutvikling på Leikanger ,
Påmelding: Marianne Bøthun, NLR Sogn og Fjordane (95290740, marianne.bothun@lr.no)
TELEMARK - Torsdag 25. august - Telemark - kontakt rådgjevar Tone Gislerud (tone.gislerud@lr.no, 97196906) for meir informasjon
PROGRAM
SOGN:
Kl 12.30 Innandørs føredrag Njøs Næringsutvikling, administrasjonsbygget, med Peter Rölker.
Peter vil halda eit litt generelt foredrag om økologisk frukt med hovudvekt på førebuing av felt før planting; med jordarbeiding, gjødsling, bruk av kompost, ugraskamp m.v. i tillegg til å snakka litt om ugrashandsaming i felt etter planting.
Kl 15.00 Feltvandring på Njøs (like over riksvegen over båthamna)
Me vil sjå litt på førebuing som er gjort i eit felt der det skal plantast nytt. Feltet er tilsådd med økoblanding og det er lagt ut kompost på delar av feltet.
På fagmøtet om mekanisk ugraskontrol i frukthagen i Hardanger, stiller fleire føredragshaldarar i tillegg til Rolker:
09.00: Mekanisk ugrasbekjemping ved økologisk fruktdyrking v/P. Rӧlker
10.00: Bekjemping av ugras i frukthagen v/L. O. Brandsæter
10.45: Ulike økologiske metodar for ugraskontroll i frukthagen v/ E. Vangdal
11.15: Enkel servering, kaffi og kaker
12.00: Markvandring i økologiske felt på garden Ernes med demonstrasjon av utstyr for ugraskontroll
-Lars Olav Brandsæter er forskar ved Bioforsk Plantehelse. Han vil snakka om ugrasreinhald i frukthagen, med vekt på dei vanskelege ugrasa i frukthagane som høymole, brennenesle og amerikamjølke.
-Eivind Vangdal er forskar ved Bioforsk Ullensvang. Han vil snakka om ulike metodar korleis ugraset kan haldast nede med sprøyting med eddik og mekanisk kontroll.
-Ved den økologiske garden Ernes, 4 km nord for Lofthus vert det orientert om feltforsøka og demonstrasjon av maskinen Ommas fres for å halda ope jord langs trerekkjene, og ein slåmaskin veleigna i fruktdyrking. Peter Rӧlker og Lars Olav Brandsæter vil vera med og kommenterer feltforsøka og demonstrasjonane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar