Bær

Nedover denne sida finn du artiklar om økologisk bærdyrking, under desse overskriftene. Dei nyaste artiklane kjem fyrst. Sjå elles under fana "Faginfo" på startsida for å finne artiklar og bøker om frukt og bær som fagfolk innan frukt og bær har skrive.
  • Vintersprøyting mot bladmidd. Les meir her...
  • Haustsprøyting med olje mot midd i bringebærfelt
  • Økologisk bringebær i Innvik
Haustsprøyting med olje mot midd i bringebærfelt
Rune Vereide i rådgjevingstenesta i Sogn og Fjordane har siste nytt om førebyggande arbeid mot midd i økologiske bringebærfelt. Informasjonen og tilråingane er tekne frå faksmeldingane til Rune Vereide i haust:

Faksmelding 17-2010

Forsøka i fjor haust gav gode resultat mot bladmidden. Det vart prøvd Thiovitbehandlingar til ulike tidspunkt; To tidlege sprøytingar, tidleg + sein sprøyting og to seine sprøytingar med Thiovit. Alle desse behandlingane gav god effekt samanlikna med usprøyta ruter.


MEN: Aller best verknad fekk ein med to seine olje/såpesprøytingar; 4 % rapsolje + 4 % grønsåpe sprøyta ved 90 % bladfall med 12 dagars mellomrom var 100 % effektivt mot bladmidden. Ingen levande midd vart funne ved oppteljing på Bioforsk plantehelse i slutten av februar. På usprøyta stenglar var det store mengder overlevande midd som hadde klart seg fint gjennom den harde vinteren.


Sprøytedatoar i fjor var ved denne olje/såpe behandlinga 5. og 17. november, fyrste sprøyting ved ca. 90 % bladfall i feltet. Thiovitsprøytingane som dyrkarane brukte i fjor haust har i år resultert i ein sesong med mykje mindre bladmiddproblem enn åra tidlegare. Så at Thiovit verkar på bladmidd er det liten tvil om. Men det er god dokumentasjonen på at to seine olje/såpesprøytingar gjev enno betre verknad.


Etter etikett bør ikkje Thiovit blandast med oljehaldige sprøytemiddel, dette kan gje skade i kulturane. Vi tilrår difor ikkje å ta ei sprøyting med Thiovit og ei sprøyting med olje/såpe.Vil ein pga. gode erfaringar i eigne felt sist haust halde frammed å bruke Thiovit bør ein bruke Thiovit i begge sprøytingane. Erfaringar med tidleg Thiovitsprøyting i fjor haust var at denne behandlinga fremja bladfall i felta. Etter bladfall stod stilkane att på stenglane. Stenglane fekk difor ikkje den naturlege avmodninga før vinteren. Kor mykje dette betyr i praksis er vanskeleg å seie, men ved naturleg avmodning der blada gulnar før dei fell av, gjev knoppen ekstra opplagsnæring frå blada før vinteren.

To seine olje-såpe behandlingar mot bringebærbladmidd har gitt svært gode resultat i forsøk. Her dannar bladstilken eit badekar for væska som trengjer godt inn til gøymeplassane i knoppskjella der bladmidden har gått til overvintring. Foto: Rune Vereide

Faksmelding 20-2010
Presisering av bladmiddsprøyting i bringebær, som var omtalt i melding nr 17-2010:


• Ein brukar enten Thiovit eller olje + grønsåpe i middsprøytingane, ikkje kombiner med ei Thiovitsprøyting og ei olje/såpe sprøyting. To olje/såpe sprøytingar har gitt best resultat i forsøk

• To sprøytingar med 12-14 dagars mellomrom
• Sprøytingane bør gjerast seint etter at mesteparten av bladverket er falle av, dvs. frå månadskifte okt.-nov. Dette for å unngå tidleg lauvfall som blir konsekvensen av sprøyting på bladverket. Knoppane får då ikkje tilført næringa frå bladverket slik dei får ved naturleg nedvissning og bladfall.

• Bruk tilrådd konsentrasjon av olje + såpe: 4 % rapsolje (evt. soyaolje) i blanding med 4 % grønsåpe, dvs. 4 liter olje og 4 liter grønsåpe pr. 100 liter væske. Ikkje forveksl med lavare konsentrasjon som blir brukt til sommarsprøyting i vekstsesongen, då brukar ein 1-2 % olje med ei mindre mengde grønsåpe. Denne doseringa vil ikkje vere sterk nok til sein haustsprøyting, men blir brukt i vekstsesongen for ikkje å gje sviskade på bladverket. Ved evt. bruk av Thiovit er tilrådd konsentrasjon 0,5 % (500 g/100 liter)• Bruk rikeleg væskemengde, væske skal sive nedover stenglane og samle seg i bladstilkane som står att slik at knoppane blir ”bada” i den utsprøyta væska.


Til sist kort om sprøyteteknikk: Ståande bommar fungerar fint ved sein haustsprøyting etter bladfall. Brukar ein tåkesprøyte kan ein redusere viftekapasiteten og auke opp væskemengda til ein ser at væske siv nedover stenglane og samlar seg i bladstilkane kring knoppane, der bladmidden har gått i vinterkvile.


08. oktober 2010

skrive av Rune Vereide,
t
lf: 57 86 95 01, mob: 90 16 95 01, e-post: rune.vereide@lr.no

Økologiske bringebær i Innvik

Atle Skaaden i Innvik har i fleire år vore med i eit forskingsprosjekt på økologiske bringe bær. Prosjektet vert leia av Rolf Nestby, kor forskarane Nina Trandem og Aksel Døving i Bioforsk driv feltarbeidet. Rune Vereide i den lokale rådgjevingstenesta, nyttar og areala til lokale forsøk. 2010 er fyrste året kor A. Skaaden kan levera bringebær som økologiske frå dette feltet. Skaaden håpar på at 5 tonn økologiske bringebær eller meir, vil verta seld til Bama i år.

Rune Vereide hadde skipa til ein markdag kor insektsfellene vart kontrollerte og det vart testa ut ein ny målemetode for kontrollere dekningsgrad etter sprøyting. I forskningeprosjektet vert det gjort registreringar av bringebærbille, prøvd ut tiltak mot midd med oljesprøyting og sett på effekten av ulike gjødslingstypar.

Innsekt
Hittil i år har det ikkje vorte funne bringebærbiller i fellene. Ein veit ikkje kvifor enno, men det har til no ikkje vore angrep av bringebærbill i desse felta. Gledeleg for bonden men ikkje for forskarane (!).

Derimot har det vore angrep av midd, som ein har fått overraskande god kontroll på gjennom sprøyting med olje. Midd overlev i knuppen på årsskota. Ein har difor sprøyta med olje på hausten (4% olje + 4% grønsåpe) ved 90% bladfall. Ein vil og prøva ein blanding på 1% olje og grønsåpe i blomstring i år. Teljingar frå forsøket i fjor viste at det var ein markert betre effekt av oljesprøytinga, enn med tilgjengelege konvensjonelle middel. Nina Trandem og Rune Vereide vil koma med tilråding etter denne sesongens erfaringar.

Næringstilstand

Jordprøver frå i år viste låge verdiar for nitrogen og kalium, medan det var høge verdiar for fosfor. Kalium kan ein tilsetta i mineralform i økologisk drift, så lenge jordprøvar viser mangel. Å få tilført nok nitrogen er difor bøygen.

Skaaden har gjødsla både med flytande organsisk gjødsel og pelletert hønsegjødsel, men får ikkje løyst nok nitrogen i jorda.



Den pelleterte hønsegjødsla løyser seg vanskeleg i plantehola under plasten, når det berre er dryppvatning. Sjølv om ein og gjødslar utanfor plasten, er ein av hovudutfordringane i bringebærdyrking å få nok nitrogen til plantene, spesielt om våren.

Fleire dyrkingsvegleiarar for økologisk bringebærdyrking, med vekt på gjødsling, finn de her:

Nina Heiberg, 2007

Minimal temperaturforskjell
Når det gjeld dyrking i open tunnell er det ikkje meir enn 1-2 grader høgare temperatur i tunnell enn for målingar gjort i felt på friland. Fuktnivået etter brusing i tunnell normaliserar seg etter ein halv time. Aksel Døving meinte difor at det ikkje er temperaturforskjell i dei to dyrkingssystema, som verkar negativt inn på veksten eller er sjukdomsframkallande.

Haustberande sortar
Når det gjeld nye sortar so er det fleire nye utprøvingar på gong i Sogn, spesielt for haustberande bringebærsortar som gjev bær på årsskota. Det kan væra ein fordel i økologisk drift av di ein då kan knuse ned eller fjerne alt riset om hausten, og soleis unngå overvintrande smitte i skota. Dei nye sortane skal ha god fastleik, smak og ein mørk farge.

Les meir om haustberande bringebær i dette temaarket, skriven av Aksel Døving i 2010.

Kalsiumklorid
Det skal og gjennomførast forsøk med å tilføre kalsiumklorid i øko-felta for å finne ut om det kan forebygga mot soppinnfeksjonar og betre lagringsvnen og fastheiten på bæra. Dette har ein hatt god erfaring med i plomme-og eplefelt, difor vil ein sjå om den same skallstyrkande effekten kan utviklast også i bringebær.

Sprøytetest

Ved sprøyting er det viktig å få god dekning under bladverket, for å nå egga som blir lagt der. Ein ny metode kan lette arbeidet med å finjustere sprøytepraksisen din: Ei lysømfintlig væske vart blanda saman med vatn og sprøyta ut med ulike innstillingar. Etterpå vart dekningsgraden sjekka med ei fluoriserande lampe - sjå bilete. Det vart ein stor forbetring etter at justeringane vart gjort. Rune Vereide vil saman med andre rådgjevarar vinne erfaring med denne lyse-metoden i sommar, og koma med råd seinare i vekstsesongen.


Her viser den fluoriserande væska ein fin dekningsgrad på baksida av bringebærblada.

(Lagt ut i juli 2010)
Site Meter