Frukt

Nedover denne sida finn du ulike artiklar om økologisk fruktdyrking som er skrivne av prosjektleiaren eller saksa frå  nyhende skrivne rådgjevarar innan  frukt og bær. Du finn dei siste artiklane øvst. Sjå elles under fana "Faginfo" på startsida for å finne artiklar og bøker om frukt og bær som fagfolk innan frukt og bær har skrive.
  • Heksekost - handlingsplan for 2011
  • Fytoplasma-problem i Discovery
  • Eplesortar til økologisk drift
  • Kalsiumstrategi i eple
  • Siste nytt om rognebærmøll
Heksekost - handlingsplan for 2011

Utdrag frå Norsk Fruktrådgjveing si fyrste faksmelding i 2011:
Det viktigaste tiltaket i produksjonsfelta er å rydda infiserte tre for å redusera smittepresset. På vinteren er det vanskeleg å sjå kva tre det gjeld dersom det ikkje er brytingar på årsskota, men dersom ein veit om tre som gjev små, grøne eple kvart år, uansett korleis gjødsling og avlingsnivået er, kan ein truleg gå ut frå at dei er infiserte med heksekost.

Norsk Fruktrådgjeving Hardanger tilrår konvensjonelle fruktdyrkarar å smøre med Roundup på stubben for å ta livet av rota, slik at ein er sikker på at ein har teke livet av all smitte. Hugs på å melda frå til Mattilsynet. Dei vil gjerne ta prøvar og få sikre påvisningar. Dersom ein får ei sikker påvising av heksekost vil dei gje pålegg om rydding, og ein kan søkja erstatning for trea frå Fylkesmannen. Dette er gjerne ikkje så aktuelt om det gjeld 1-2 tre, men om halve feltet ryk bør ein absolutt få med seg desse pengane.

Tillegg frå Føregangsfylke: Dersom du ryddar tre og nyttar konvensjonelle middel eller får pålegg om sanering i økologiske felt, må og Debio varslast. Dei vil i kvart enkelt tilfelle avgjera kva for konsekvensar dette vil få for godkjenninga, og eventuelt lengde på ny karenstid.

Det kan vera aktuelt å sprøyta mot sugarar rett før bløming, men kontakt din nærmaste rådgjevar for å få meir detaljerte råd når våren nærmar seg. Dei fleste middel som verkar mot bladlus verkar også mot sugarar, så me bør klara oss godt med dei midlane me har tilgjengelege. I økologiske felt kan det vera aktuelt å sprøyta med olje og grønsåpe før bløming dersom ein får eit angrep av hagtornsugar.

Den mest alvorlege konsekvensen av heksekosten så langt er at nokon av planteskulane i Hardanger er ilagt omsetnadsforbod fordi det er påvist heksekost i frukthagar i nærleiken av planteskulane. NB! Det er ikkje påvist heksekost i planteskulane, verken her eller i Sogn (Åberge), der det vart gjeve pålegg om sanering sist haust (20 000 tre vart destruerte hjå Åberge, det er her journalistane har fått talet og vorte litt forvirra.). Ei stund såg det ut som om planteskulane i Hardanger kunne få liknande pålegg, men det ser no ut som om MT truleg vil leggja seg på ei litt meir pragmatisk linje.

Nokon har gjerne fått med seg rykte om at det vart påvist heksekost i materialet til Sagaplant(Eliteplantestasjonen). Dei første prøvane som vart tekne her var positive, men ny analyse med ein meir påliteleg metode har vist at materialet herifrå er reint. Alle grunnstammer og podekvist levert frå Sagaplant skal difor vera sikre.

Til slutt:
Berre for å unngå mistydingar: Heksekost i moreller er ein soppsjukdom, og skuldast ein heilt annan skadegjerar.

21.01.2011 av Endre Bjotveit, Norsk fruktrådgjeving Hardanger

Fytoplasma-problem i Discovery
Fytoplasma (Apple proliferation phytoplasma), tidlegare også kalla Mykoplasma, også kalla heksekost, høyrer til ei gruppe bakteriar som er kjent som skadegjerarar på ei rekke vekstar. Bakterien kjenneteiknast m.a. ved at dei er utan celleveggar, og dei er svært vanskjeleg å dyrke i kultur når ein vil fastslå om desse er årsak til skaden ein finn. Sjukdomen vart hos oss først påvist i 1996, men ein meiner at han har sikkert vore her frå omlag 1970. Dette er ein karantene-skadegjerar som er underlagt offentlege tiltak med heimel i matlova.

No i sommar har det dukka opp stadig fleire Discovery-tre med svært små epler, grønaktige og med beisk smak. Tidlegare har ein tilrådd å fjerna slike tre, men auken i tal tre med slike symptomar, har auka svært mykje dei siste par åra, og sesongen 2010 er det gjort rekordmange registreringar.

Saman med Dag Ragnar Blystad frå Bioforsk plantehelse, Trine Helland frå mattilsynet og Harald Nornes frå FMLA, undersøkte vi ei rekke eplefelt der vi hadde registrert eller fått melding om mange Discovery-tre med svært små, grøne og uspiselege eple.

Gulgrøne blad og sterk greinvekst er symptom på fytoplasma. Foto: Olav Sørum
I øko-feltet på Njøs, fann vi ei rekke tre med tydelege symptomar på fytoplasma; små og grønaktige epler, og greiner med sterk vekst og store øyreblad. Like ved sjuke Discovery-tre, fann vi også eit Aroma-tre med liknande symptomer.

Etter besøket på Njøs, vitja vi ein av naboeigedomane der dei året i førevegen (2009) hadde observert 4 -5 tre med symptom som nemnd ovafor. Dei hadde merka av trea for å sjå om problemet dukka opp atti 2010. Etterkvart som haustetida for Discovery nærma seg, vart det meir og meir klart at problemet hadde auka svært mykje, og tal tre med små epler hadde mangedobla seg, og nesten ein tredel av trea hadde no symptomer. På nokre av dei ”nye” trea, fann ein greiner med fine eple, medan resten av treet hadde små, grøne og beiske eple.

Samanlikning av normale Discovery-eple og små ”Fytoplasma-eple. Foto: Olav Sørum

Det var nemnt at eit av problema med denne sjukdomen var at symptoma på dei sjuke trea kan variera sterkt frå år til år. Det kan derfor vera vanskeleg å slå fast når problemet først dukka opp. Bl.a. kan varierande klimatiske tilhøve vera årsak til dette. Visse artar sikadar og sugarar kan spreia sjukdomen, men ein veit ikkje kor viktig dette er under norske forhold. Viktigaste årsak til spreiing er etter alt å døme ved smitta okulasjonskvist eller grunnstammar. Noko av smitten kan også skje ved rotsamanveksing, men sjølv om dette sannsynlegvis er av underordna betydning, kan det likevel ikkje utelukkast at nabotre kan smittast.

Små øyreblad og sterk skotvekst er tydelege symptom. Foto: Olav Sørum

Smitta tre er ofte utsett for åtak av mjøldogg på skota, og ved stammebasis finn ein også ofte unormalt mange skot. Ved sterk skjering om vinteren/våren, vert dei nye skota også svært mange og svært kraftige. Mange av skota på sjuke tre er svært ljose på farge, og blada er ofte langt smalare enn på friske greiner.

Smale, ljose blad er også symptom på sinkmangel, og mangel på vatn og andre næringsstoffer har også vore med i diskusjonen for å forklare årsaken til problemet med desse trea med små og grøne epler. Om hausten får nyveksten i toppen av skota langt ljosare farge enn friske skot, og dei friske skota ser også ut til å avslutta veksten langt tidlegare enn skot på sjuke tre. Dersom er ser eit slikt Discovery-felt ovanfrå, verkar sjuke tre langt ljosare enn friske, og ein vil derfor ofte få ei viss peiling på kor dei sjuke trea er i feltet om einser feltet ovanfrå.

Ein finn også grøne skot med sjukdomssymptomer. Ljose, gule skot åleine er ikkje einstydande med sjukdomen. På biletet over ser ein nokonlunde same symptoma med greina skot og opprett vekst, men der fargen på skota varierar ein del. Eit anna symptom på denne sjukdomen er at nye skot har unormalt store augeblad (blad ved basis av bladstilken), særleg i toppen av skotet finn ein ofte mange slike.

Kraftig skotvekst frå basis, busking av desse skota og spisse grinvinklar er også blant dei viktige kjenneteikna på sjukdomen. Undersøkinga i Sogn tyder på at Discovery er svært utsett for Fytoplasma eller sjukdom i tilknyting til Fytoplasma. Det er tvilsamt om Sogn er det einaste distriktet der sjukdomen har spreidd seg. Det er derfor viktig å prøve å registrera i dei andre fruktdistrikta kor vidt sjukdomen også finnast der. Har dere mistanke om slike tre, send rapport om dette til Planteklinikken på Ås, og/eller gje melding til Mattilsynet. Det ser ut som om denne sjukdomen er ein av dei verste som har ramma norsk fruktdyrking på mange år, og det er svært viktig å få klarlagt omfanget og smittevegane for sjukdomen så snart som råd.

Olav Sørum 14.10.2010, Leikanger.
E-post: olav.sorum@lr.no

Eplesortar til økologisk drift

Øya-eplet er kallenamnet på ein av dei nye sortane Dag Røen har hatt ansvar for å utvikle for Graminor. Det er eit eple som har modningstid etter sorten Discovery, har god skurvresistens og kan få store eple slik som Aroma. Øya-eplet har ein smak som kan likna Discovery, men er grøngult og utviklar fin raudfarge på solsida. Men det tek tid før ein kan kjøpa eplet for kommersiell produksjon. Treet er ferdigprodusert i mars 2012, men ein må truleg venta til 2016 før godkjenninga er i orden slik at ein får kjøp trea i planteskulane.

Fleire av dei nye sortane har modningstid på same tid som den velkjente sorten Discovery.

Denne og andre sortar er med i det store nasjonale sortsforsøket som var sett gong i år. Den var planta ut saman med ei mengde andre nye sortar i Ullensvang, Lier, Nordfjord og Telemark. Fleire av desse sortane kan og vera aktuelle for økologisk drift. Collina er ein av dei Dag Røen trekker fram, og vert mogent på same tid som Discovery og er eit syrleg eple, den og. Men den er fruktkjøtet er mjukt og danskane har erfaring med at den tåler dårleg å gå igjennom pakkemaskinar. Men den har god Vf-resistens og er difor attraktiv som økosort.

Har du lyst på fleir sortar enn det som vanlegvis vert brukt til nyplanting i øko-hagar (Aroma og Discovery),  så kunne Dag Røen trekke fram Rubinola og Rubinstep som to gode øko-sortar. Dei er tilgjengelege hjå Fjeld Hagebruk (Hønefoss) og hjå Jaastad (Ullensvang) og Aaberge (Sogndal/Leikanger) planteskule. Økofrukt DA (Telemark) fører berre Rubinola. Rubinstep har resistens som Aroma, medan Rubinola har endå sterkare resistens mot skurv enn Rubinstep.

Du kan lesa meir om sortane i rapporten til Dag Røen, og ikkje minst kontakta din lokale fruktrådgjevar for å få vurdert korleis desse sortane kan oppføre seg i din frukthage.

Er du interessert i gamle sortar til ein mindre frukthage kan den nye nettportalen frå genressurssentere http://www.plantearven.no/ gje gode tips om kor du kan få tak i gamle frukttresortar. Les meir...

(lagt ut 13.september.2010)



Kalsiumstrategi i eple

Foto: Dag Røen,  frå Fokus-Biforsk, bind 4.

Norsk Fruktrådgjeving Hardanger (NFH) sende i si siste faksmelding ut nyttig informasjon om kvifor det er viktig å fylje med på kalsiumståa i epleproduksjonen din. Her kjem eit utdrag:

"Kalsium er svært viktig for haldbarheit, lagringsevne og kvalitet i eple. I år med mykje samanbrot på lager
(Møsk. Spesielt i Aroma.) har analysar av frukta vist at det er dei partia med lågast kalsiuminnhald som er
mest utsette.

Kalsium er eit næringsstoff som det stort sett finst rikeleg av i jorda. Så lenge pH er over 5,5 er det ikkje
mangel i jordsmonnet som er utfordringa, men snarare å få transportert kalsiumen til fruktene. Totalt tek trea
gjerne opp ca. 7 kg Ca pr. daa gjennom sesongen, men det er gjerne ikkje meir enn 200 g pr. daa av dette
som havnar i fruktene.

Kasliumstraumen i epletreet
Dei første 6 vekene etter bløming, i den første delen av utviklinga til frukta, går mestedelen av næringa til fruktene gjennom vedvevet. Her vert det transportert vatn og næringsstoff frå rota, og oppover i trea. Frå 40-100 dagar etter bløming går meir og meir av transporten til fruktene gjennom silvevet. Det er i dette
transportvevet fotosynteseprodukt (sukker) vert transportert frå blada til andre delar av treet der det trengst,
men det betyr samstundes at kalsiumtransporten til fruktene avtek utover i sesongen. Kor raskt denne
overgangen går varierer mykje mellom sortane.

Undersøkingar viser at det er ein rask stigning av kalsiuminnhaldet tidleg i sesongen, og deretter avtakande auke. Halvvegs gjennom vekstsesongen er 65-90 % av kalsiumen som finst i fruktene ved hausting allereie på plass.

Førebyggande tiltak
Store, velutvikla rosettblad under knytingane er viktig for saftstraumen, og dermed også kalsiumtransporten til frukta tidleg i utviklinga. Forsøk har vist at skade på desse blada reduserer kalsiuminnhaldet i frukta. Godt pollinert knyting med mange kjernar har også eit høgare kalsiuminnhald enn knyting utan eller med få kjernar.

For å oppnå eit godt kalsiuminnhald i fruktene er difor første bod å gjera det ein kan for å sikra pollinering
(God næringstilstand, nok støvtre og bier.), og sikra kvaliteten på dei første blada (Grunngjødsling ut i tide,
bladgjødsling.). Gjødslinga med kalium, magnesium og nitrogen må også vera i balanse.

Allereie i slutten av juni kan ein byrja å vurdera korleis trongen for kalsiumsprøytingar vert ut frå:
- Kvalitet på bladverket (Storleik og farge).
- Kor godt pollinerte fruktene er (Skjer gjennom nokre knytingar og tel kjernar.).
- Vekst (Svært kraftig vekst ”vinn” over frukta med tanke på kalsiumtransport. Hugs vekstkontroll!)
- Avlingsmengde (Storfrukta, prikksjukeutsette sortar er meir utsette for mangel når det er lite avling
og epla veks seg svært store.)

Kalsiumsprøyting
Svært lite av kalsiumen som hamnar på bladverket kjem frukta til gode. Berre 5 % av effekten av ei
sprøyting kjem av kalsium som vert transportert frå blad til frukt. Effektiviteten på kalsiumopptaket er også
generelt lågt (5-30 % på 24 timar.), så det er viktig å få mest mogeleg på knytingane (M.a.o. venta til det er
litt storleik på dei.), og sjå på kva formulering kalsiumen finst i (Kor lettløyseleg og lett opptakeleg han er.).

Det verkar som om opptaket aukar ved høgare konsentrasjon på overflata av epla, men faren for sviskadar set avgrensingar. Spreiemiddel verkar positivt ved at dropane flyt meir utover og ein aukar kontaktflata mot
eplet. Med dei store sortsskilnadane som finst er det lurt å tenkja gjennom korleis kalsiumsprøytinga skal leggjast opp og sjå korleis arealet av dei ulike sortane går opp med tal tankar. For eksempel treng Gravenstein og Aroma treng fleirekalsiumsprøytingar enn Discovery og Summerred."

Kjeldene Norsk Fruktrådgjeving Hardanger oppgjer for informasjonen i faksmelding kor dette innlegget er saksa frå, sin kjem frå AWIKA Advies, Fruitconsult, Bioforsk.

For økologiske fruktdyrkarar er vegsalt (kalsiumklorid) ei kjelde til kalsium, og ein undersøker no ulike tilsetningar for å få god dekningsgrad. Rolf Tore Djønne prøver for tida ut finmalt algekalk for å sikre kalsiumnivået i sin epleproduksjon. Men uansett strategi, din næraste rådgjevingstenester eller kontakt Jan Ove Nes i Norsk Fruktrådgjeving Hardagner, dersom du ynskjer konkrete råd for din fruktproduksjon.

(lagt ut 8. august 2010)

Siste nytt om rognebærmøll

Det er ikkje venta storangrep likevel i år, slik som forskarande håpa på og bøndene frykta (!). Det er er færre toppår med rognebærmøllangrep. Ein ser at rognebærtrea vekselbærer ikkje likt i same område lenger, slik ein opplevde før 2000.

Geir Knutsen frå Bioforsk kom til to informasjonsmøter i Hardanger, den 20.-21. juni for å fortelja om rognebærmøllen sin biologi og siste nytt frå forskingsprosjektet han er med i. I denne linken kan du lesa ein skildring av korleis forskningsprosjektet om rognebærmøll er utforma.

Noko av det forskingsprosjektet på rognebærmøll og fruktrådgjevarar no har kome fram til er at:
  • Eit kunstig utvikla luktstoff som trekker til seg hoene er meir sensitive enn visuelle inspeksjonar og døgngradeprognosar. Det er hoene som legg egg i eplene og difor er det viktig å fange dei og lage prognosar ut frå tal fanga i fellene. Forskningsprosjektet er snart klare med ein rådgjevingsplan for bruk av fellene.
  • Rognebærmøll går alltid på rognebærmøll fyrst, dinest på eple. Men i eit av forsøka fann ein faktisk større tiltrekking av rognebærmøll til eit pærefelt, enn i det nærliggande eplefeltet. Det ein såg var at larvane ikkje ville ha "maten" i pærene og såg berre 4% overlevande egg og larvar i pærene. Ein tenkjer seg difor moglegheiter for å teste ut om pære kan ha ein overflate/lukt som er meir tiltrekkande på rognebærmøll enn eple. Spørsmålet er og om ein då kan bruke pæretre som "fangvekst"?
  • Det er viktig å rydde rognebær/tre når egga og larvane er i rognebæra, slik ikkje larvane får etablert seg i jorda før vinteren! Du bør ha dine eigne referansetre for å sjekke rett blomstringstid i ditt distrikt. Egga vert lagde frå 300 døgngrader, og klekking skjer i teorien frå 556 døgngrader. Ein kan hauste rognbær med larvar i, fram til 600 døgngrader.
  • Oljesprøyting mot rognebærmøll må skje før klekking på vinteregga og rett etter klekking på sommaregga. Det er oljefilmen som kveler egga og nyklekte larvar.
  • Her er råda for sommaren, frå rådgjevarane i Hardanger: "For økologiske epledyrkarar er det berre olje som er aktuelt. Det vert køyrt utprøvingar med ulike doseringar og ulike oljetypar i år, men førebels veit me ikkje så mykje om effekt eller doseringar. Det som me veit er at 2% soyaolje + 1% grønsåpe gir lett sviskade og veksthemming av epletrea. I Sverige er det tilrådd 2 dl olje + 9 dl såpe pr dekar med tilrådd væskemengde 50 – 100 liter pr dekar. Denne blandinga har ved utprøving ikkje gitt noko skade på epletrea, men me veit ikkje kor god effekten er på rognebærmøll enno. Sprøyting på 300, 400 og 500 døgngrader, eller berre dei to siste ved svake angrep." NB! Set alltid att minimum 5 kontrolltre, som er usprøyta, for å kunne sjå effekten i eigen hage.
  • Kontakt din lokale rådgjevar dersom du har fleire sprørsmål om forebyggande og direkte tiltak mot rognebærmøll i ditt distrikt.

I juninummeret av Norsk frukt og bær kan du lesa meir om årets rognebærmøllprognosar og tiltak.

Vil du ha meir bakgrunnstoff, kom Bioforsk ut med ei nyttig publikasjon om plantevern og plantehelse i økologisk frukt-og bærdyrking i 2008. Den kan du gratis laste ned her frå Biforsk sin nettstad. Der og i denne linken, kan du finne ei god skildring av rognebærmøllen sin livssyklus.

(lagt ut 7. juli 2010)





... og snadderinfo til deg som har lest så langt ned på sida.
Her kjem mi favorittoppskrift på plommekake:

Plommonkaka frå Rosendals Traedgård i Stockholm

Kake:
75 g smør
1 dl sukker
1 ss vaniljesukker
2 egg
2 dl kveitemjøl - men ikkje meir enn det...
1 ts bakepulver
12-15 store økologiske plommer

Fyll:
0,5 dl sukker
1 dl fløyte
1 egg
0,5-1 dl hasselnøtter
1 skalet av ein økologisk sitron - sjølvsagt!

Kaka:
  • Røyr smør, sukker og vaniljesukker kvitt og luftig. Bland egg og til sist kveitemjølet iblanda bakepulveret.
  • Hell røra i ein smord form med strøbrød i  (ca 23 cm i diameter)
  • Skyll og del plommene i to. Ta bort kjernene og dypp snittflata i sukker. Legg ned plommene på røra med skalet opp.
  • Steik kaka i omnen i 10-15 minuttar på 175 gradar
Fyll:
  • Visp fløyten til krem. Rør i egget og sukkeret
  • Riv sitronskalet på ein finmaska rasp og hakk netane grovt. Røyr det saman med fløyteblandinga du akkurat har laga
  • Hell røra over plommene i den forsteikte kaka. Steik kaka vidare i om lag 20 min til kaka har fått ein vakker farge.
Server gjerne med piska krem eller vaniljeis.

(lagt ut 13. september 2010)

Site Meter