Mekanisk tynning

Handhelden mekanisk tynnar - informasjon og filmsnutt frå ein demo finn du her...


Det finst fleire ulike mekaniske løysingar for å tynna frukttre i bløminga. Det er utvikla traktordrivne maskiner som piskar tre og greiner slik at ein fjernar meir eller mindre av blomane. Desse krev at det er køyrande med traktor i frukthagen, og at trea er nokolunde likt forma, og relativt slanke og smale.
Et handhelde alternativ til desse maskinene er utvikla for å tynna aprikoser. Prinsippet er det samme med ein roterande «visp» som slår av eller øydelegg blomar. Motordrifta vert kobla på same «batterivesten» som skjeresaksa ein brukar om vinteren. Den store fordelen med denne vesle tynningsmaskina er at ein kan gå konkret inn på dei greinene som treng tynning, medan ein kan gå forbi tre og greiner der det ikkje er tilsett så mykje blom at ein treng tynna så hardt. I tillegg kjem ein fram i all slags terreng, noko som kan vera eit poeng for ein del brattlente gardar.

Praktisk bruk
Artikkelforfattaren har brukt denne tynningsvispen dei to siste sesongane. I eit tynningsforsøk der det vart samanlikna med kjemisk tynning med Thiovit og soyaolje i ulike doseringar var det i 2010 berre den mekaniske tynninga som var i nærleiken av skikkeleg tynning. Det viser seg at med dette utstyret er det brukaren som avgjer kor hardt det vert tynna. Dette er ei treningssak som det vil ta nokre sesongar å koma inn i. Det som synes gjennomgåande er at ein tynner vanlegvis litt for lite. Dette kan likevel vera ei god hjelp ettersom ein kanskje klarar å redusera handtynningsarbeidet med 50-80%. Tynningstidspunktet kan ein passa inn i ein lenger periode enn med kjemisk tynning. Me har brukt tynnaren frå ballong og fram til etter avbløming, og i utlandet skriv dei at den kan brukast heilt fram til plommekarten er 15-20 mm i diameter.
Jan Ove Nes (artikkelforfattar og rådgjevar NFH) held demo av tynnaren for dyrkarar i Kvam

Tidsforbruk
Det som undra meg mest med handtynnaren var kor rask den var å bruka. For dei som kan samanlikna med slangesprøyting så tek det om lag same tid. Dersom trea er tette, eller greinene deler seg mykje tek det noko lenger tid ettersom ein vil «køyra seg fast» ein del gonger. I eit plommefelt der Opal er bruka som støvtre til Mallard vart Opal trea tynna litt seint i bløminga for ikkje å øydeleggja for bestøvinga til Mallardtrea. I feltet er det 20 relativt store Opal tre som er nærare 15 år gamle. Eg gjekk over desse trea med tynnaren og brukte akkurat 30 minutt. Det viste seg seinare at det var tynna i minste laget, men handtynningstida vart likevel halvert i høve til det vanlege for desse trea.

Økologisk produksjon
I økologisk plommeproduksjon er ikkje bladgjødsling med ATS eit alternativ å bruka til tynning, så særleg her kan dette vera ein aktuell metode. For å støtta opp om øko-dyrkarane i Hordaland og Sogn og Fjordane har Foregangsfylket for økologisk frukt og bær støtta Norsk Landbruksrådgiving til innkjøp av 6 handhaldne tynnarar som skal vera til gratis utlån. Dersom det er kapasitet kan også konvensjonelle dyrkarar låna desse, men øko-dyrkarane skal ha førsteretten.

Traktordreven mekanisk tynnar
I økologisk produksjon er det ikkje aktuelt å nytte kjemiske eller syntetisk middel for å regulere avlinga. I dag er det berre handtynning ein har å ty til i økologisk drift, men i konvensjonell produksjon fasast og dei kjemiske midlane snart ut. Spesielt i plomme. Difor er mekanisk tynning like viktig for konvensjonelle som økologiske dyrkarar i framtida.

I 2010 vert dei to nyinnkjøpte tynningsmaskinene på Vestlandet prøvd ut. Den 18. mai kjøyrde Njøs Næringsutvikling på Leikanger deira modell for fyrste gong. Den 10. mai vart ein variant testa på Bioforsk i Ullensvang. Det er og planar om at Telemark skal få prøve maskinen frå Bioforsk. Det vert gjort prøvetaking frå testkjøyringane og gjeve fleire markvandringar i sommar for å få erfaring og for å kunne samanstille resultata. Maskinane skal verte kjøyrde i både eple-og plommefelt.



Adolf Betz frå Fruit Tec i Tyskland delte sine erfaringar med maskina "Darwin" (bilete over), som er kjøpt inn Njøs Næringsutvikling. Den er stort sett velprøvde på eple, men med mindre erfaring på plommer og pærer: http://www.fruit-tec.com/. Etter 15 års erfaring kan han konkludera med dette:

Føremonna med mekanisk tynnning er:
  • uavhengig av vertilhøve
  • ein kjøyrerunde er ofte nok, om ein tynnar til rett tid og med omlag 30% fjerning av blome (ballong i eple og pære, medan i open blome i plomme). Viktig ikkje å tynne for mykje, for etylendamp etter tynninga skapar ein ettertynningseffekt
  • auka kvalitet og storleik, då treet kan nytta energien på dei blomene som vart att etter mekanisk tynning. Handtynning betrar soleis ikkje kvaliteten og storleiken då celledelingstadiet er over når handtynning er aktuelt.
  • 15-35 daa/t, 6-8 km/t med riktig roteringshastigheit (turtal: 200/min). Ein reknar 2-3 års systematisk eigenerfaring for å få optimale resultat på eigen gard. Maskinen er tent inn på eitt år dersom ein har 40-50 daa (!)
  • ikkje registrert skader på bier, truleg skremmer maskinen biene bort før maskinen råkar trea, men optmalt å kjøyre om kvelden.
  • minkar sjansen for vekselbering
  • alle sortar kan tynnast men sortar med store frukter må ikkje tynnast for hardt
Føresetnader:
  • særs viktig med slanke og høgreiste tre - vanskeleg å få lik tynning innerst og ytterst på greinene med sterke sidegreiner
  • ikkje for bratt areal - traktorføre i minimum 6 km/t
Site Meter