5/11/2011

Handhalden mekanisk tynnar

I økologiske frukthagar er det ikkje lov å bruke kjemiske preparat for å tynne i blomstringa, og snart ingen preparat innan konvensjonell fruktdyrking heller. I fjor vart det introdusert mekaniske tynnarar til traktor, men utstyret viste seg best i flatt terreng og med tilpassa skjeringssystem (Aad Wisse -prinsipp).

Eit godt alternativ i bratt terreng med lengre greiner på frukttrea, er då ein handhelden mekanisk tynnar. Det er innkjøpt tre av den i kvar av dei to Føregangsfylka, og dei står til utlån på dei lokale fruktlagra eller hjå landbruksrådgjevinga:

Eitt sett er plassert hjå Landbruksrådgjevinga på Njøs, eit anna er plassert i Balestrand hjå Jon Asbjørn Målsnes og det tredje er hjå Rune Vereide på Sandane. I Hardanger finn de eitt på Kvam Fruktlager, Utne Fruktlager og på Lofthus (Bioforsk/Landbruksrådgjevinga). Her vert dei og ståande til neste års sesong.

Jan Ove Nes var på Aksnes i Kvam måndag den 9. mai og prøvde den i nokre eldre plommetre. Den har vist seg mest nyttig i plommetre. Det vart tekne to videoar av tynningsdemonstrasjonen, og fire av dei finn de i linkane her:


  • Denne viser tynnaren i aksjon og det vert sagt kort om når den skal brukast i frukthagen.

  • I denne filmsnutten diskuterar Jan Ove tidsbruken og kor mykje ein skal ta med tynnaren.

  • Her vert det diskutert tekniske detaljar og

  • her ser du tynnaren i aksjon mellom greinane.

Lukke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter