- Rådgjeving innan frukt og bær - info om "Gratis fyrsteråd"+Rådgjevingsavtale+Dyrkingsgrupper
- Parallellproduksjon innan frukt og bær - les meir her...
- Rydde-og plantetilskot
- Regelverk for økologisk landbruk
- Kopar-saken
- Om kopar i frukt-og bærdyrking, av Sigrid Mogan
Rydde-og plantetilskot
Tilskot til økologiske felt
I Hordaland har tilskotssatsen for etablering av økologiske fruktfelt fram til no vore 50 % av godkjente kostnader. Dette er 20 % meir enn forskrifta om midlar til bygdeutvikling gjev løyve til. Fylkesmannen i Hordaland har søkt om dispensasjon frå forskrifta, men Landbruks-og matdepartementet har avslått søknaden. Tilskotssatsen for etablering av økologiske frukttrefelt i Hordaland er såleis endra til 30 % av godkjente kostnader. Endringa er gjeldande frå 10. august 2010.
Generelt om søknad om tilskot til rydding og planting
Mange fruktdyrkarar vel å leiga rådgivingstenesta til å utarbeida søknad om tilskot til rydding og planting i frukttrefelt. Mot eit vederlag gjer dei alt papirarbeidet i samband med søknaden. Nokre vel å utarbeide søknaden sjølv, og då er det ein del ting ein må hugsa på.
Søknaden skal skrivast og sendast elektronisk i Innovasjon Norge (IN) sitt system. Skjemaet finn ein ved å gå inn på heimesida til IN og velja Finansiering – Søknadsoversikt – Investerings tradisjonelt landbruk – Foretak.
Vedlegg til søknaden:
· Skildring av kvar teig: arealstorleik, kva som skal ryddast og kor mykje, evt. ekstra grunnarbeid, kva som skal plantast og kor mykje, oppbindingssystem, dekkesystem, vatningsanlegg.
· Kostnadsoverslag der standard kostnader utarbeidd av Norsk Fruktrådgiving Hardanger, IN Hordaland og Landbrukskontoret vert nytta (kostnadsmal og standard kostnader ligg ved til info-skrivet).
· Kart: Flyfoto for oversikt og detaljkart på 1:1000 der planteretning er markert.
Ein kan ikkje søkja om tilskot til felt som er ferdig rydda og planta. Ein kan heller ikkje starta opp med arbeidet før IN har handsama søknaden og gjort eit vedtak. Dersom ein til dømes har rydda feltet før søknaden er sendt inn skal dette trekkast frå kostnadsgrunnlaget. Om ein av ein eller annan grunn er nøydd til å starta opp arbeidet før IN har handsama saka, kan ein ta kontakt med dei for å avklara dette.
Under sjølve arbeidet med rydding og planting må ein hugsa å føra timeliste over eige arbeid. Den skal liggja som eit bilag til investeringsrekneskapen.
Arbeidsfrist
Arbeidsfristen for å sluttføra tiltaket er tre år etter tilsegna er gitt. Tidligare har det vore mogeleg å søkja IN om utsett arbeidsfrist dersom ein ikkje var heilt ferdig. Dette er ikkje mogeleg lengre. Tiltaket må seinast vera sluttgodkjent og utbetalt før nyttår det året arbeidsfristen går ut.
Del- og sluttutbetaling
Ein kan be om delutbetaling når ein er komme godt i gang med arbeidet. Summen på delutbetalinga skal stå i forhold til arbeidet som er utført. Oppmoding om delutbetaling gjer ein ved å fylla ut ”Utbetalingsanmodninga” som ligg ved tilsegna, skriva under, og senda det til landbrukskontoret. Like eins vert det når ein ber om sluttutbetaling, men då skal det legga ved eit rekneskapsoppsett over dei faktiske kostnadene ein har hatt, og tal eigne arbeidstimar.
Hovudpostane i rekneskapsoppsettet skal kunne samanliknast med hovudpostane i kostnadsoverslaget i søknaden. Ved ein eventuell kontroll må de kunna legga fram eit rekneskap med kvitteringar og timelister.
Med helsing
Ullensvang herad
Siv Marislett Sekse, Jordbrukssjef
Kontakt Norsk Fruktrådgiving Hardanger for å få tilsendt rekneark og oversikt over standard kostnadar til bruk under skriving av søknaden; indre.hardanger@lr.no eller nokre av rådgjevarane som du finn kontaktinfo til her
(lagt ut 07. okt. 2010)
Regelverk for økologisk landbruk
Det nye øko-merket gjeldande frå 2009 |
Her er raskare linkar til det øko-regelverket:
- Rettleiar B - gjeld planteproduksjon (kap. 3) og husdyrproduksjon (kap. 4)
- Rettleiar A - gjeld foredling og merking (kap 6) og generelle reglar om kontrollordningen etc.
- Bio-dynamisk produksjon - tilleggsregelverk som gjev rett til bruk av Demeter-merket
- Ø-merket - nytt Ø-merked vart introdusert i 2009. Frå denne sida kan du og bestilla øko-merkene dine. Rekn med at det tek 1-2 veker å få merkene, spesielt om du vil ha ekstra informasjon på merket.
Koparsaken har blussa opp med jamne mellomrom i øko-miljøet. Denne gongen kjem den opp fordi økologi-regelverket har vorte revidert og er no ute på høyring, med frist 1. juli. For meir informasjon om sjølve høyringa og kor ein høyringsuttale skal rettast, kan de gå inn på denne koplinga hjå Mattilsynet. Alle høyringspartar bør sende si meining om denne saka sjølv om det har vore ein god prosess kring temaet denne gongen.
Kort om prosessen:
Mattilsynet har spurd regelverksutvalet for økologisk landbruk om synspunkt på kopar-forbodet i regelverket for økologisk landbruk. Skal ein halda på forbodet eller ikkje?
Det har ikkje vore ein god prosess kring denne debatten tidlegare. Det ville leiar av regelverksutvalet, Jon Magne Holten, gjera noko med i samarbeid med førgangsfylket. Det vart invitert ein gruppe fagfolk til møte den 30. april, for å samle dei viktigaste tema utredninga skulle sjå på. Deltakarane på dette fyrste møtet var Sigrid Mogan, Arne Stensvand, Sveinung Grimsby, Berit Swensen, og Grete Lene Serikstad, som skulle lage utredninga.
Målet for utredninga var å sette fokus både på dei negative og positive sidene ved bruk av kopar, i ljos av forskningsresultat og korleis øko-regelverket vert praktisert i andre land. Utredninga skulle ikkje ta stilling til om ein skal gå inn for å halda på forbodet eller ha lik praksis som i EU i det økologiske regelverket, men vega diskusjonen med faglege argument frå ulike sider. På Mattilsynet sine sider kan du lese heile utredninga av Grete Lene Serikstad (Bioforsk Økologisk på Tingvoll).
15. juni vart utredninga presentert og regelverksutvalet inviterte til ein open høyring om rapporten, for alle interesserte. Diskusjonen etter framlegginga av utredninga skulle gje retning til kva Regelverksutvalet skal konkludera med etterpå. Konklusjonen har ikkje kome enno, men kontakt prosjektleiar dersom du vil få tilsendt rapporten på e-post og meir informasjon om koparpreparatet Nordox: froydis.linden@fmho.no
Skal kopper være tillatt i økologisk frukt- og bærdyrking?
v/Sigrid Mogan
I forbindelse med implementering av EUs nye økologiforordning i ny norsk økologiforskrift har det vært spørsmål om å tillate bruk av kopper som plantevernmiddel. Det har nylig blitt gjennomført en grundig høring omkring denne saken. I høringsutkastet har Mattilsynet foreslått en fortsettelse av dagens forbud mot bruk av kopper.
Kopper er på vei ut av økologisk produksjon i Europa, og det kan virke uklokt å oppheve kopperforbudet i Norge, vil mange hevde. For mer enn 10 år siden ble det også sagt at kopper skulle ut i Europa. De som kjenner økologisk frukt- og vinproduksjon i Europa har liten tro på at kopper blir fjernet før alternative tiltak finnes. Det jobbes iherdig for å finne fram til gode og sterke sorter og alternative tiltak, men fortsatt er det en vei å gå. Kanskje vil det gå enda et tiår før kopper er ute i Europa.
Spørsmålet om bruk av kopper er spesielt knyttet til økologisk frukt- og bærproduksjon. I høringssvaret fra Norsk Landbruksrådgiving har vi gått inn for at kopperforbudet skal oppheves. Kopperforbud er konkurransevridende og gjør det vanskeligere å drive økologisk frukt- og bærproduksjon i Norge.
Vi tror at frykten for kopper er overdrevet og i stor grad knyttet til historier om død jord uten biologisk aktivitet i vindistriktene nedover i Europa. Her er det brukt store koppermengder gjennom mange tiår. Jordanalyser herfra viser 200-500 mg Cu/kg jord. Kopper er et essensielt næringsstoff som plantene trenger i små mengder. Mange områder i Norge har fra naturens side lavt kopperinnhold i jorda. I konvensjonell dyrking kan kopperpreparat brukes i mengder opp til 400 g pr dekar pr år. Før 2005 var det ingen mengdebegrensning for koppersprøyting. Jordprøver fra konvensjonelle fruktfelt i Lier der det er benyttet koppersprøyting årlig i flere tiår viser 12-25 mg Cu/kg jord. I mange økologiske bærfelt er det påvist koppermangel i både jord- og bladanalyser.
Solbærblad angrepet av soppsjukdommen bærbuskbladflekksopp.Foto: Sigrid Mogan |
Kopper kan bekjempe sjukdommer forårsaket av sopp og bakterier i frukt og bærkulturer (eks: bladflekksopp i solbær, epleskurv i eple, plommepung i plomme, bakteriekreft i kirsebær, frukttrekreft i eple og pære m.fl). Forsøk i solbær har vist at sprøyting med kopper i doseringer ned i 1/5 av normaldoseringen, har gitt god bekjempelse av bladflekksopp. Ved en opphevelse av kopperforbudet i Norge vil samlet bruk av kopper i økologisk frukt- og bærproduksjon utgjøre små mengder.
Kopper er et tungmetall og brytes ikke ned i naturen. Det er svært giftig for vannlevende organismer. I Mattilsynets oppsummering av risikovurderingen for kopperpreparatet Nordox skriver de at den omsøkte bruken av kopper representerer liten helserisiko og vil gi minimal negativ effekt på jord- og vannlevende organismer.
Valg av sorter som er sterke mot sjukdommer, god agronomi og andre forebyggende tiltak er grunnleggende i all planteproduksjon, både konvensjonell og økologisk. Vi mener likevel at det bør åpnes for begrenset bruk av kopper i økologisk frukt- og bærproduksjon i Norge i tråd med EU-forordningen. Derved unngås uheldig konkurransevridning ved at kopper er tillatt noen steder, andre steder ikke. Vi tror forbrukeren fortsatt vil ha tillitt til norskprodusert økologisk frukt og bær selv med begrenset bruk av kopper.
(Lagt ut 14.10.2010)