1/20/2011

Parallellproduksjon

Det har vore noko forvirring knytta til det ein i økologisk produksjon kallar parallellproduksjon: at ein innan planteproduksjon kan dyrke fleire sortar av same art/kultur både konvensjonelt og økologisk på same gard. Det kan ein framleis gjera innan fruktproduksjon, men ein vil no skilje mellom sortar som lett kan skiljast frå kvarandre og sortar som ikkje kan det. Ein må kunne sjå at sortane er forskjellige frå kvarandre og dei må kunne skiljast under heile hauste-og lagringsprosessen:
  1. Sortar som lett kan skiljast frå kvarandre kan halde fram med parallelleproduksjon som før.
  2. Sortar som ikkje lett kan skiljast frå kvarandre må starte omlegging innan det har gått 5 år. Øko-planen skal synleggjera ein omleggingsplan for desse areala.

Ein avklaring om kva for sortar ein ikkje kan dyrke parallellt økologisk og konvensjonelt, vil koma i samband med lansering av nytt regelverk i 2011. Føregangsfylkeprosjektet er i dialog om dette og tek imot innspel - gjerne som kommentar til dette innlegget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter