Jordbiologi

Denne sida inneheld ulike informasjon om ulike prosjekt knytta til jordforbetring og jordøkologi. Kompostering og oppformeiring av jordmikroorganismar som gynnar næringsomsetninga i jorda, er viktige strategiar for å betre næringsopptaket når ein berre kan nytte husdyrgjødsel. Her er ulike tips og innlegg i denne fagsektoren:
  • Økologisk landbruk som klimaveneleg driftsform - les meir her...
  • Levande matjord - Føregangsfylke Buskerud
  • Kompostkurs i Aurland i mai 2010
  • Grønngjødsling som forkultur
  • Kompostoppskrift for frukt-og bærkulturar
  • Tolking av jordprøveresultat
Levande matjord
Føregangsfylke i Buskerud driv aktivt arbeid for å auke den biologiske aktiviteten i jorda gjennom prosjektet "Levande matjord". Her kan du lesa meir om kva, kvifor og korleis matjorda kan bli meir levande og informasjon om aktivitetane dei driv. Er du rådgjevar tilbyr dei kurs 18.-20. oktober, og for renovasjonsselskap dei tre etterfyljane dagane - sjå aktivitetskalendaren til prosjektet i den siste linken. Det er heilt unikt at dei har fått professor Elaine Ingham til å halde kurs. Ho er kjend for å halde gode kurs og vil gje ein grundig innføring i utvikling og analyse av kvalitetskompost.

(lagt ut 22.08.2010)

Berit Swensen i Vital Analyse kan analysera komposten eller jorda di etter mikroskopieringsmetodar utvikla av Elaine Ingham. Analysane kan hjelpe deg i arbeidet med å styre jordbiologien i jorda di og komposten. Du kan sende henne jordprøver i posten, men gjer dette gjerne i samband med anna jordprøvetaking, for å få mest mogleg informasjon om jordprøvene. Kontakt henne på bswe@online.no

(lagt ut 04.10.2010)



Kompostfilmar:

Humus og kompostdagar i Aurland 25.-27.mai

Føregangsfylket har stetta er eit prosjekt kor ein vil utvikla god kompost til bruk i frukt-og bærhagar. Kompost bygger eit aktivt mikroliv i jorda er særs viktig i økologisk drift. Dei gode bakteriane og sopp i komposten er viktige for å kunne gjera næring frå husdyrgjødsel og organisk materiale tilgjengeleg for frukttre og bærbuskar. Ein vil og sjå på om denne mikrofloraen kan vera plantestyrkande, gjennom bruk av kompostuttrekk.

Urs Hildebrandt (http://www.landmanagement.net/) kjem som kurshaldar til Sogn Jord-og Hagebruksskule (SJH) i Aurland, og heldt både foredrag og praktisk kurs i mai. Arrangementet er åpent for alle, men spesielt retta mot frukt-og bærprodusentar. For meir informasjon sjå Økologisk Landbruk nr. 02/10.
Tysdag 25. mai, 10-16
Temadag: Kompost på nye måtar - kompostuttrekk
Foredrag og praktisk demonstrasjon av kompostbygging og korleis ein lagar kompostuttrekk. Ein introduksjon for nybyrjarar i kompostfaget!

Onsdag 26.mai - torsdag 27.mai
Her vil ein diskutera og demonstrera korleis ein god kompost kan arbeidast fram og korleis uttrekk frå denne komposten kan brukast som eit plantestyrkande middel for å forebyggja sjukdommar på frukt-og bærkulturar.

Påmelding og spørsmål kan rettast til:
SJH: 57632650 , paamelding.sjh@sfj.no innan 10.05http://www.sjh.vgs.no/

Ansvarlege for prosjektet er Njøs Næringsutvikling, med Liv Hatleli og Christian Zurbuchen som i teten. Kompostutvikling vil skje i samarbeid med Sogn Jord-og Hagebruksskule. Eivind Vangdal frå Bioforsk Ullensvang er knytta til prosjektet som forskar. Føregangsfylke Buskerud, ved Øystein Haugerud, er ein viktig samarbeidspartnar som og fokuserar på å utvikla kunnskap om jordbiologi i praksis: http://www.fmbu.no/

Du finn og artiklar om kompost i tidskriftet "Økologisk landbruk" nr. 2, april, 2010. Her har eg aktivert linkane du finn i artikkelen på side 26 og 27:
http://www.bioforsk.no/ikbViewer/page/forside/nyhet?p_document_id=55201
http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=820&amid=3119790
http://www.biochar-international.org/ (engelsk nettstad)
http://www.bellona.no/nyheter/nyheter_2009/biokullevent
http://www.slf.dep.no/portal/page?_pageid=53,418236&_dad=portal&_schema=PORTAL&p_d_i=-121&p_d_c=&p_d_v=12783&p_d_i=-221&p_d_c=&p_d_v=12783
http://www.newenergysystems.no/
http://www.soilandmore.nl/

Grønngjødsling som forkultur

Det tek ein del erfaring for å laga ein god kompost til eigen gard. Ein god start kan difor vera å bygge opp ein god jordstruktur med hjelp av plantar som med ulike typer røter, arbeider med jorda og tilfører organisk materiale. Belgvekstane fikserar nitrogen i rotknollane, og det vert óg tilført næring gjennom å slå graset ned i løpet av vekssesongen.


Eit forslag til grønngjødslingsblanding er ”Pioner-blandinga”, som ein kan få kjøpt ferdigblanda på Strand Brænderi, via Norgesfôr. Den har vorte mykje brukt i korndistrikta (tilpassa av korndyrkar Øystein Haugerud, hjå FMLA Buskerud), men eg meiner den er like relevant som forkultur til nyplantingar på vestlandske frukt-og bærgardar. Her kjem Ø. Haugerud sine grunnreglar å lukkast med grønngjødsling:

HVORDAN KAN DU FORBEDRE EN DÅRLIG JORDSTRUKTUR?

Grunnleggende forutsetninger:
1. Drenert jord.
2. Riktig pH.
3. Rett bearbeidingstidspunkt av jorda – ”laglighet” et stikkord.
4. Tilføring av husdyrgjødsel om mulig.
5. Ta vare på organisk materiale. Viktig mat for meitemarken!
6. Bruk minst mulig kjemikalier. Mange kjemikalier kan påvirke livet i jorda inkludert meitemarken negativt.
7. Ikke kjør med tyngre redskap enn nødvendig.
8. Husk hjulutrusting og dekktrykk!
9. Legg ”kjøreveier” på bestemte plasser internt på et skifte – ikke kjør ”overalt” når du kjører ut avlinga!

Direkte tiltak for raskt å begynne en positiv prosess i jorda:
1. Vårbrakk arealet du ønsker å behandle for å regulere flerårig ugras.
2. Når jorda har blitt varm og laglig også i dybden (ca. fra 15. juni og fram mot 1. juli) løsner du jorda med et egnet jordarbeidingsredskap ca. 5 – 10 cm under vanlig pløyedybde.
3. Lag såbed på vanlig måte.
4. Så i  ”pionerblanding”, som kan kjøpes ferdigblandet fra Strand Brænderi, Norgesfôr så hurtig som mulig etter løsning og tillaging av såbed (såmengder oppgitt i kg pr. daa):

• 2 kg lodnevikke(vintervikke)
• 0, 5 kg blodkløver
• 0,5 kg honningurt
• 1,0 kg ettårig raigras

5. La blandingen stå og vokse i ca. 2 mnd eller fram til at lodnevikka har kommet i god blomstring. Dette vil og gynna nyttedyra i hagen og tilgrensande frukt-og bærareal.
6. Slå ned blandingen med for eksempel halmsnitter eller et liknende redskap for bruk som grønngjødsling eller høst det som fòr til grovfòretende husdyrslag.
7. Slå 1 eller 2 ganger til avhengig av hvor mye raigraset vokser til.
8. Foreta vanlig jordarbeiding neste vår for deretter å så eller plante til med den veksten du har planlagt det året.

Ta kontakt med din lokale landbruksrådgjevar for å finne gode løysingar på din gard - lukke til!

Kompostoppskrift for frukt-og bærkulturar

Soppdominert kompost til frukt-og bærtre:
  • 25% grøntrestar med høgt N-innhald (belgvekstar, tørr husdyrgjødsel (C:N forhold i storfje; 20:1, gris; 8:1), men optimalt 10:1
  • 30% gras-restar ; C:N forhold optimalt 30:1
  • 45% kvistkutt/grovt plantemateriale som gir luft og struktur til komposten: C:N; 100-500:1
I ein kompost til grønsaker vil du ha 45% i kategorien grasrestar og 30% kvistkutt etc., då dette vil gynna bakteriefloraen i komposten, meir enn soppkulturen.

Andre viktige kompost-reglar:
  • minimum 1 m høg og 1,5 m brei for å få høg nok temperatur
  • må vendast minimum 3 gonger for å sikre at alt kompostmateriale har fått høg nok temperatur
  • 30-50% fuktighet - konstant - bruk kompostduk for å unngå for våt kompost
  • over 55 grader i 3 dager for å få bukt med patogene bakteriar. Kjem temperaturen over 65-70 grader får du lett anaerobe forhold kor lite gunstige bakteriar for jordlivet, vert oppformert. Optimalt er ca 60 grader etter 3 dagar.
  • Minimum 21 dagar til over 3 månadar tek det å lage ein god kompost, alt etter temperaturen i komposten. Du kan styre temperaturen med kor mykje høg-N innhald du har i komposten, og noko med fuktigheiten (men aldri for blaut, då vert den anaerob!)
(lag ut 04.10.2010) Oppsummeringa er gjort etter kurs med prof. Elaine Ingham i Soil Food Web.

Tolking av jordprøveresultat
Verkar analyseresultata frå jordprøvane kryptiske? Les forklaringa til parametrane. Jorda vert til vanleg analysert for pH, P-Al, K-Al, K-HNO3, Mg-Al, Ca-Al, Na-Al.


pH-verdien
Dette talet er eit uttrykk for kor sur jorda er.

Grovt sagt kan ein sei at talet er eit uttrykk for konsentrasjonen av Hydrogen-ionar i jorda. Di høgre konsentrasjon – di lågare pH-tal (negativ logaritme) og di surare er jorda. Med å tilsetja kalk, vil kalsium-ionar ta plassen til hydrogen-ionane. Ideell pH-verdi til gras er 5,8-6,2. Ein bør kalka dersom pH-verdien er under 5,5 på mineraljord og under 5,0 på myrjord. Ein bør heller ikkje ha ein pH-verdi over 6,5. Då vert næringsstoff bunde att.

P-Al Fosfor
P står for fosfor. Al er uttrykk på analysemetoden.

Fosfor er eit viktig næringsstoff. I gamal dyrka jord som gjennom mange år har fått tilført husdyrgjødsel, vil det vera høgt fosfor-innhald. Nydyrka jord er svært fosforfattig. Her bør ein tilsetja superfosfat. Fosfor kan verta sterkt bunde i jorda. Særleg i sur jord vert fosfor sterkt bunde. Ein tilrår å bruka litt fosfor (0,5-1 kg) til eng sjølv om det er høgt innhald. P-Al som viser innhaldet av lettløyseleg fosfor, bør vera over 4 – 5.
 
K-Al Kalium
K står for kalium. Al er uttrykk for analysemetoden. K-Al viser innhald av lettløyseleg kalium.

Kalium vert lett bunde i jorda. Det vert også lett utvaska. Organiske jordartar (myr) og grov sandjord med lågt leirinnhald, er fattige på kalium. Her finn ein ofte K-Al tal på under 6 som er lågt innhald. Dersom K-Al-tala ligg i området 7 – 15 (middels – klasse 2), kan ein rekna med at ein tilfører det kalium som trengs til plantane. Då treng ein ikkje endra gjødselslag.

Husdyrgjødsel og pressaft inneheld mykje kalium. Dersom kaliuminnhaldet i jorda er høgt, tek plantane opp meir enn dei har bruk for. Dersom K-Al-tala ligg over 15, bør ein kanskje vurdera kaliumgjødslinga. Då kan det tyda på at ein har overdosert med kalium.

K-HNO3 Syreløyseleg kalium
Syreløyseleg kalium vert uttrykt som K-HNO3 og omfattar både lettløyseleg kalium og reservar som ein reknar med skal verta tilgjengeleg på litt lengre sikt.

Dette talet seier meir om opphavsmaterialet til jordarten, kva bergartar mineraljorda er danna av. Ein del bergartar inneheld meir kalium enn andre, og enkelte bergartar forvitrar lettare. Leirglimmerskifer inneheld og frigjev meir kalium enn gneis og granitt.K-HNO3 seier også noko om leirinnhaldet. Di høgre leirinnhald i jorda, di høgre innhald av kalium. Det er alltid greitt å kjenna til K-HNO3 i samband med gjødselplanlegginga.

Det er ikkje nødvendig å ta denne analysen meir enn ein gong. Ein treng også berre ein prøve på kvar jordart på garden. Myrjord har alltid låge kaliumreservar. Det er heller ikkje krav om å ta denne analysen. Lågt innhald: < 30. Middels innhald 30-80. Høgt innhald 80-120. Svært høgt >120

Mg-Al Magnesium
Mg står for magnesium. Al som nemnt ovanfor, analysemetoden.

No når det vert brukt så mykje grovdolomitt som kalkingsmiddel, er det sjeldnare låge magnesiumtal. Elles er magnesium eit svært viktig næringsstoff for dyra. Difor er det viktig at jorda inneheld ein del magnesium. Som ein veit er det konkurranse mellom magnesium og kalium når det gjeld opptaket i plantar. Det bør vera ein balanse mellom desse næringsstoffa. Magnesium- talet bør vera over 6.
 
Ca-Al Kalsium
Dette talet viser innhaldet av lettløyseleg kalsium.

Ein må skilja mellom kalsium og kalk. Kalsium som er eit grunnstoff og eit nødvendig plantenæringsstoff. Kalk er basiske kalsium- eller kalsium-magnesium-sambindingar som først og fremst vert tilført for å gjera jorda mindre sur. På jord med god kalktilstand vil plantane sjeldan vera utsett for kalsiummangel. I visse typar torvjord, og i enkelte sandjordartar, kan innhaldet av lettløyseleg kalsium vera lite sjølv om pH ikkje er så låg. Er pH låg og Ca-innhaldet lågt (<80-140 på mineraljord og < 130-210 på organisk jord), er det trong for kalking.

Na-Al Natrium
Dette stoffet har me ikkje lagt så stor vekt på i gjødselplanlegginga. Kan nemna at i seinare tid er meir snakk om å tilføra dette stoffet på beite. Eit høgt innhald (>50) tyder på stor saltkonsentrasjon som kan vera til skade for klorømfintlege vekstar. Dette gjeld berre areal nær sjøen.
 
(lagt ut 08.11.2010, saksa frå LR-Hordaland si melding nr 2-2010.)
Site Meter