8/19/2011

Økoutveksling i praksis

Norske fruktdyrkarar reiste til Sverige i juli og svenske fruktdyrkarar dro til Noreg i august. Johan Ascard frå Jordbruksverket, arrangerte turen for svenskane. Dei var blant anna på gardsbesøk til ein dyrkar i Moss, som akkurat hadde henta med seg nye tips frå fruktur til Sverige. I nyheitsbrevet til svenske Jordbruksverket fortel Hans-Olav Bjerketvedt om korleis den økologiske frukthagen hans skal drivast i framtida. Les meir i nyheitsbrevet, i artikkelen til turarrangør Johan Ascard - du kan tinge på øko-frukt informasjon gjennom nyheitsbrevet.

Jordbruksverket i Sverige har på sine nettsider óg mykje anna nyttig informasjon om økologisk fruktdyring og økologisk bærproduksjon. Sjå i kolonna til høgre på nettsidene for å laste ned eller bestille brosjyrer. Mykje av informasjonen vil og vera gjeldande i Noreg. God lesing!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter