8/06/2012

Øko-frukt-og bærdyrkarar på Vestlandet!

Frukdyrkar Jon Asbjørn Målsnes likar å møte fornøgde og blide kundar -
i år kan det bli du som møter dei!


















Matfesten i Bergen viser det beste av lokalmat frå Vestlandet – i år også med eige øko-telt! Føregangsfylke økologisk frukt og bær har betalt for eit stand i dette øko-teltet, og stiller den til rådvelde for økologiske frukt-og bærdyrkarar i Hordaland og Sogn og Fjordane, laurdagen og sundagen under Matfesten, 7.-9. september 2012.

Altså gratis, med bord og det som trengs for å kunne by fram eigne råvarer. Føregangsfylke stiller og med infomateriale og andre praktiske reklameeffektar.

Det er i hovudsak plass til ein dyrkar laurdag og ein annan dyrkar sundag, men med stort påtrykk kan me kanskje få til større areal med plass til fleire. Tanken er at det er ein frukt/bærdyrkar som står der kvar sin dag, slik at de skal sleppe å stå to dagar på rad i ei travel innhaustingstid. Fredagen fiksar Føregangsfylke smoodie av øko-råvarer, miksa med ein smoodiesykkel.

Me gjev prioritet til dyrkarar som vil selje ferske produkt - mest aktuelt er nok tidlegeple og plomme på denne tida, og kanskje bjørnebær eller blåbær? Det er ”førstemann til mølla”-prinsippet som gjeld.

Når
Årets festival: 7.-9. september 2012
Fredag: 10:00 - 18:00 – Frøydis Linden miksar økologiske meierivarer, jus og bær til ein smoodie som kjøparen tråkkar til seg sjølv på ein smoodiesykkel.
Laurdag: 10:00 - 18:00 – Du!?
Søndag: 10:00 - 16:00 – eller DU!?


Følg med på www.matfest.no for oppdateringer om program, aktivitetar og utstillarar.

Påmeldinga skal de ikkje gjera via nettsida, men gjennom meg på e-post fmhofli@fylkesmannen.no eller tlf 90552194.

NB! Skal også prøve å få meldinga ut i nyheitsbrevet. Gir gjerne eit hint til din øko-nabo dersom han eller ho ikkje har høyrt om det.

Beste helsing Frøydis Linden, prosjektleiar i Føregangsfylke økologisk frukt og bær

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter