9/07/2011

Bondens Marknad med øko-tema 29. okt

Invitasjon til Bondens Marknad med økologisk tema Laur. 29.oktober 2011 på Bryggen i Bergen.

Marknaden 29.oktober er via til dei økologiske produsentane og produkta. Bondens
marked i Bergen ønsker å invitere økologiske lokalprodusentar til å delta. Målet er å
samle så mange lokale økologiske produsentar som me kan. Fordi me får litt tilskot
frå sentralforeninga vil deltaking på denne marknaden vere gratis for alle økologiske
produsentar!

Detaljane er ikkje lagde enno, men det vert matverkstader for born, musikk, info-stand, matdemoar med ein kokk.

Stikkord for krav til deltaking: Produkta må vere økologiske. Dei bør også vere kortreiste, og bør vere produsert/foredla av den som sel dei på marknaden.

Me ser på dette både som ein moglegheit til å skape litt aktivitet og liv på oktobermarknaden vår, å få kjennskap til fleire økologiske produsentar, og å vise bergensarane kva økologiske produkt som finst i regionen.

Er du interessert?

Kontakt Marita Myhre, marknadsleiar Bondens marked i Bergen:
E-post: bergen@bondensmarked.no, tlf 99 42 70 29.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter