9/07/2011

50% investeringsstøtte til nyplanting av økologiske fruktfelt

Det er det opna for å gje inntil 50% investeringsstøtte til nyplanting av økologiske fruktfelt gjennom jordbruksoppgjeret i 2011.

Sogn og Fjordane har saman med Hordaland eit nasjonalt ansvar for auka dyrking av økologisk frukt. Gjennom jordbruksoppgjeret er det opna for ein auke i investeringsstøtta frå 30 % til 50 %. Dette vert gjort fordi det er dyrare å etablere ein økologisk fruktgard enn ein med konvensjonell drift.

Endringa i Forskriften for BU-midlar gjer at ein no kan innføre investeringstøtta i heile landet. I Føregangsfylka for økologisk frukt og bær, Sogn og Fjordane og Hordaland gjeld endringane frå 01.09.2011.

Detaljar kring endringa vil koma frå prosjektet Føregangsfylke økologisk frukt og bær i midten av november 2011. Søknadar om rydde-og plantetilskot rettast som vanleg til kommunen og vert sendt vidare til Innovasjon Noreg. Hjelp til utfylling av søknad kan søkast hjå rådgjevarar i Norsk Landbruksrådgjeving: www.lr.no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter