7/10/2013

Vil du selja øko-frukt på Matfesten i Bergen?

6. - 8. september er det igjen Matfestivalen på bryggen i Bergen. Då har Føregangsfylke økologisk frukt fått standplass fredagen den 6. september, for ein økologisk fruktdyrkar. Det er truleg mest aktuelt for ein øko-plommedyrkar, på denne tida av haustesesongen. Opningstida denne dagen er kl. 12-18.

Du vil ikkje måtte betale for å nytte stand-plassen, og vil få bord og anna utstyr til å profilera varene dine som økologiske. Det einaste du treng å ha med er vekslepengar, vekt og posar til varene du sel. Standen vil vera i nærleiken av andre økologiske produsentar og informasjonsstand.

Det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Meld deg på til fmhofli@fylkesmannen.no innan 23. august. Sjå www.matfest.no for meir informasjon om Matfestivalen i Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter