Du kan laste ned foredraga som pdf-filar på heimesida til Njøs Næringsutvikling, her...
Det er rekna at bier og ville pollinatorer aukar produksjonen med 35% hjå dei vanlegaste landbruksvekstene, og dette utgjer ein verdi på 10 % av landbruksproduksjonen. Ville pollinatorar (sosiale og solitærer ville bier) er grunnlaget for god fruktsetting, medan honningbier er eit godt suplement til dei ville insektene. Ville insekt flyg gjerne i lågare temperaturer enn honningbier, og kan derfor vera avgjerande dersom blomstringstida i frukt-og bærhagane er kald og våt. Det viktigaste ein kan gjere for å sikre god tilgang på pollinatorar til frukt-og bærfelt, er å legge tilrette for gode overvintringsplassar og sikre eit godt "matfat" for insektene gjennom heile vekstsesongen.
Den økologiske visningshagen på Njøs, gjev praktiske døme på korleis ein kan sikre gode førekomster av insekter til pollinering. Spesielt er det lagt vekk på vise til døme for tilrettelegging av overvintringsplassar. Innsektene finn dette naturleg på lune plassar med små hulrom, både i og under jorda - sjå bilete av overvintringshotell over og under.
Insektshotell med mange hulrom i ulike størrelsar:
Blomstrande vekster i randsoner og i enden av rekkene, som forsyner insektene med både nektar og pollen gjennom heile vekstsesongen er viktig. Tidlegblomstrande vekster som gir nektar til vårslappe innsekter er viktig for å syte for aktivitet hjå biene tidleg i sesongen. Blomstrande vekster seinare i sesongen er viktig for å sikre nok næringsopplag til overvintringa.
Ei bie besøker ofte 80 blomster i løpet av ein flytur. Kvitkløver er ei viktig næringskjelde for pollinerande insekt:
Ressursenteret ved Sogn Jord-og hagebruksskule og Marco Neven, skal dei næraste åra stimulere til auka bruk av honningbier til fruktnæringa. Prosjektet skal arbeide fram kursmateriale og undersøke moglegheiter for supplerande pollinering.
For meir informasjon om den økologiske visningshagen på Njøs og om foredraga, sjå www.njos.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar