2/07/2013

Kompetansekurs innan frukt-og bærdyrking

Har du odel til ein frukt-eller bærgard og skal ta over snart? Treng du meir basiskunnskap for å støtte den praktiske erfaringa du allereie har? Hjeltnes kompetansesenter har sammen med næringa skreddarsydd eit kurs for deg som treng grunnkompetanse innan frukt-og bærdyrking.

Startpakka startar 11.-12. mars, og går som korte samlingar du kan ta sjølv om du arbeider utanom garden. Startpakka og spesialiseringsmodulane skal gje deg tryggleik i å kunne ta sjølvstendige val i frukt-og bærproduksjonen din - anten du driv økologisk eller konvensjonelt.I tillegg vil kursa kunne gje deg kunnskapsbasen du treng for å fylje med på nerdete diskusjonar i frukt-og bærmiljøet.

Målet med kursa er at du skal få kunnskap til å kunna auke kvalitet og produksjon av frukt og bær på eigen gard. Du vil i tillegg få god forståing for marknadssituasjonen og korleis imøtekoma den auka etterspurnaden i marknaden.

Du kan lese meir om kursinnhald, pris og anna praktisk informasjon her... Påmelding innan 1. mars

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter