8/01/2012

NILF har publisert to artiklar om norsk økologisk frukt

Forskar Anna Milford har i to artiklar funne ut meir om marknadssituasjonen for norskprodusert økologisk frukt og bær i Noreg.

I den ferskaste artikkelen er det spurd etter kor den økologiske frukta og dei økologiske bæra tek vegen. Og ikkje minst kor mykje vert produsert? Det finst i dag berre arealtal og ikkje volumtal i offentleg innsamling av statistikk for norskprodusert økologisk frukt og bær. Dette volumtalet har ein prøvd å få tak i gjennom arbeidet med utgreiinga. Les meir her...  Utgreiinga er støtta av prosjektet Økologisk frukt i vekst (NLF-SF) og Føregangsfylke økologisk frukt og bær.

Hausten 2011 gjennomførde NILF ein preferansestudie på om forbrukarane hadde preferansar på korleis økologiske eple vart pakka eller merka i butikk. Økologiske eple i lausvekt selde 35 % meir enn pakka eple med tilnærma lik pris, og det var mindre svinn på eple i lausvekt enn dei ferdigpakka. Les meir her... Denne utgreiinga vart støtta av Norsk økologisk frukt til forbrukar (GH/Biforsk).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter