8/10/2011

Øko-nyhendene er attende!

Det har vore tørke i innlegga på denne nettstaden grunna ferieavvikling. Men no er eg altså bak tastaturet igjen. Etter ein saumfaring av mailar og nettstader vil eg legge ut relevante artiklar og nyhende. Her ein mjuk start med ein oppsummering av kva ein til no veit og ikkje veit om økologiske produkt, i den evige debatten om dei er sunnare enn sine konvensjonelle sidesstykker.

Siste sesongnytt etter ein telefonrunde til øko-bærprosjekta, er at økobringebæra frå Innvik no vert sendt jamnleg frå Vestlandet til hovudstaden. I Agderfylkene oppsummerar dei for tida årets økoavlingar på jordbær og har så langt funne ut at avlingsmengdene ikkje var på topp i år. Det var leitt sidan kundane ville ha meir øko-jordbær - stikk i strid med erfaringane frå tidlegare år då økojordbæra bugna i butikkane, men utan interesserte kjøparar. Det blir spennande å høyre dei endelege konklusjonane i haust. Så fylg med vidare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter