4/04/2011

Studietur til Sverige og Danmark

30.juni til 3. juli vert det arrangert studietur til økologiske og miljøvenleg drevne frukthagar i Sør-Sverige og Fyn i Danmark. Undervegs vil me sjå nyetablerte og etablerte økologiske frukthagar som er planta etter moderne dyrkingssystem. Gardsbesøka vil ha fokus på korleis oppnå høg avling, god kvalitet og bra lønsemd i økologisk fruktproduksjon. Det er lagt inn eitt gardsbesøk hjå ein sertifisert IP-dyrkar, mens elles er resten av gardsbesøka er hjå økologiske dyrkarar.

Føregangsfylke for økologisk frukt og bær og fruktrådgjevarane i Norsk Landbruksrådgjeving håpar turen vil inspirera norske fruktdyrkarar som allereie driv økologisk til å satse meir, og å få konvensjonelle dyrkarar til å prøva økologisk dyrking.

Torsdag 31. juni Danmark - Fyn

Oppmøte Flesland 12:00 - Avgong: 14:00, ankomst København 15:30
Buss frå flyplassen i København til Odense
18:00 – 21:00 Henning Bæk Hansen, Allesø Odense: 350 da økologisk produksjon, mest eple, men og plomme, pære, moreller. Matservering under omvisinga.
ca. 23:30 inkvartering på hotell Mayfair i Malmø.

Fredag 1. juli Alnarp – Kivik
08:15 – buss frå Malmø til Alnarp
09:00-10.30: Forskarar på SLU fortel om siste nytt innan økologiske plantevernstrategiar og ugrasmiddel.
10.30-11.30: Johan Ascard frå svenske Jordsbruksverket oppdaterar oss på svensk økologisk fruktproduksjon, regelverk og økonomi.
11:30-11:30: Lunsj på Alnarp 13.30-15: Erik Løwendal, Malmø. 200 daa sertifisert IP-produksjon med demonstrasjon av arbeidsplattform. Eige pakkeri på garden. Buss vidare til Kivik
16:30: Innkvartering på Kaptenshuset i Kivik.
17:30: Omvising i industriplantinga til Kivik Musteri. 80 da økologiske epler, med rådgjevar Henrik Stridh. Informasjon frå lokal fruktlagerstyrar på Äppelriket.
19:00: Cidersmaking www.kiviks.se (for dei som vil, må tingast på førehand og betalast av den enkelte)
20:00: Felles middag i Kivik

Lørdag 2. juli – Kivik i austlege Skåne
09:30-11: Per Odén, 15 da nyplanta økologisk eplehage.
11:30 - 13:00: Bengt Åkesson, 45 da økologisk eplehage med hesjesystem og fokus på økologiske plantervernstrategiar. Henrik Stridh er omvisar.
13-14 Lunsj i Kivik 14:30 – 16 Anders og Ann-Louise Månsson, 20 da økologisk eplefelt med levering til fruktlager. Gardsturisme.
18:00 tilbake til hotell MayFair i Malmø
Ikkje kveldsprogram, me tingar bord på ein hyggeleg eteplass i Malmø – måltid ikkje inkludert i prisen.

Søndag 3. juli
Avreise frå Malmø med tog ca. 11:30. Fly frå Kastrup kl 14:10 som landar i Bergen 15.30.

Pris for dyrkarar i dei to føregangsfylka på Vestlandet, som fyljer heile programmet er på 2900,-. Det er tinga 20 plassar på førehand. Påmelding innan 1. mai til fmhofli@fylkesmannen.no eller ring til Frøydis Lindén på 90552194.

Dersom ynskjeleg kan de sjølve tinge reise til og frå København - Malmø og overnatting i Malmø, og likevel bli med på studieturen med felles overnatting i Kivik. Meld frå om dette og om de ynskjer dobbelt- eller enkeltrom. Meir informasjon og detaljar kjem etter påmelding.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter