2/28/2011

Studietur til fruktmiljøet i Sør-Sverige

Føregangsfylket arrangerar studietur til epledyrkarar i Skåne
torsdag 30. juni-søndag 3. juli 2011. Set av datoane no!

Programmet vert fylt med besøk til moderne fruktgardar kring Malmø og Kivik, som både driv økologisk og konvensjonelt. Besøka vil synleggjera korleis ein kan få til ein miljøvenleg fruktproduksjon og samstundes ha fokus på lønsemd, høg avling og god kvalitet på fruktproduksjonen. Hovudfokus er hagevandringar hjå profesjonelle dyrkarar, men me får og nokre korte presentasjonar av forskarar og jordbruksverket i Sverige.

Turen vert for fruktdyrkarar frå Vestlandet og Austlandet. Saman med fruktrådgjevarar i Skåne har me justert eit program for ein vellukka studietur dei arrangerte i fjor. Endeleg program for turen vert sendt ut 20. mars, når me har fått laga alle avtalane. Det vil vera opplegg frå tidleg morgon til kveld, fredag og laurdag, med reisedagar på torsdag og sundag. Makspris for dyrkarane: 2900,-, med atterhald om endringar.

Me vil lage ein felles bestilling av flybillettar for dei som vil reise samla: Då vert det avreise frå Bergen kl 14 torsdag 30. juni, med retur frå Københamn sundag 3. juli kl 14. Det er elles mogeleg for deltakarane å kjøpa flytur t/r Københamn sjølve, med oppmøte på felles hotell i Københamn torsdag kveld.

Helsing frukrådgjevarane på Vest-og Austlandet
og Føregangsfylke økologisk frukt og bær

- Spørsmål eller påmelding fram til endeleg program vert sendt ut ? Kontakt Frøydis Linden : fli@fmho.no eller ring 90552194

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter