11/15/2010

Kjernefruktkurs med Aad Wisse i veke 47

Den nederlandske rådgjevaren innan frukt kjem attende til Vestlandet i veke 47 for å gje gode råd innan skjering og stell av eple-og pærehagar. Han er ein populær kurshaldar, og sjølv om kurset er retta mot konvensjonelle dyrkarar, vil mange ha nytte av dei generelle prinsippa for skjering og den praktisk retta teorien han underviser i. Deltakaravgift er ca. 600-700 kr/dag, med gode rabattar for fleire dagar eller fleire kurspakkar.

Aad Wisse er i Sogn 23.-24. november, med fokus på pære fyrste dagen og eple på dag nr to - teori inkludert. Du kan lesa meir om kurset her, og melde deg på til havard@njos.no eller ringe 91763761.

26.-27. november er han i Sørfjorden i Hardanger. Det vert teorikveld på fredag, medan det er praksisgrupper både fredag (pære) og laurdag (nybyrjarar). Fleire av praksisgruppene vil gå parallelt og ha tema tilpassa gruppa. Påmelding til endre.bjotveit@lr.no .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter