Føregangsfylke for økologisk frukt og bær var på stand i Øystese og delte ut smaksprøver av ulike sortar øko-epler frå indre Hardanger. Både øko-dyrkarane Jan Ove Nes i Ullensvang og Rolf Tore Djønne i Ulvik sine epler vart godt likt. Ingen øko-sider var i sikte (enno!), men både Annhild Oma og Gunnhild Jaastad selde økologisk eplesaft. Dei selde godt i det fine veret og Økolyft-prosjektet delte ut pris til nye øko-dyrkarar i Kvam og Voss: les meir om utdelinga her.
Favoritten vart den meir sjeldne sorten Idunn, medan Aroma, Discovery og Summerred kom raskt etter i smakstestane til både vaksne og born.
Gunnhild Jaastad selde si nypressa eplesaft i litersvis.
Liv Lyngstad er primus motor for økolyft i Voss og Kvam og delte stolt ut stipend til nye øko-dyrkarar i kommunane på laurdag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar