10/21/2010

Dansk forskning om økologiske grønsaker

Her kjem litt nytt frå forbrukarsida og kva som står om økologisk landbruk i media for tida: No har det kome ny rapport om kva som er best, konvensjonell eller økologisk. Det er OIKOS som har summert opp diskusjonen frå Adressavisa. Denne gongen er det grønsaker som har blitt testa, men utan å kunne fastslå skilnadar. Vil no berre understreka at det ikkje var ikkje inkludert frukt og bær i forsøksoppsettet. Rull ned på sida og sjå tidlegare nyhende om forskning på økologisk frukt og bær frå ein amerikansk rapport. Den seier det motsatte av danskane, men gjeld jordbær. Pendelen er dømd til å svinge, verkar det som.

Elles er det igjen interessant lesing i magasinet Innsikt som Aftenposten gjer ut, nr. 5 2010. Se etter det i kiosk nær deg. KK hadde og eit oppslag om sprøytemiddelbruk i siste utgåve, kan OIKOS melde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter