5/06/2014

Kva er sunnast – økologisk eller konvensjonell mat?


Vitskapskomiteen for mattryggleik har nyleg publisert ein rapport der ulike sider ved mat og matproduksjon i økologisk og konvensjonell drift vert samanlikna. Hovudkonklusjonen er at det er små forskjellar mellom økologisk og konvensjonell mat.
Generelt er det små forskjellar i næringsinnhald, sekundære plantemetabolittar og andre innhaldsstoff i planter, med unntak av økologisk frukt og bær som har høgare innhald av tørrstoff, askorbinsyre og antioksidantaktivitet. Konvensjonell kveite har generelt meir protein enn økologisk kveite, medan økologisk potet har høgare innhald av tørrstoff og stive. Fleire studier viser at det i økologiske kornblandingar er lågare nivå av mycotoxiner (sopp). Det kan vere viktig for små barn som et mykje frukostblanding. Nokre studier viser at det er like mykje mycotoxiner i økologiske og konvensjonelle eple, andre viser at det er litt høgare nivå i økologiske eple. Dette kan skuldast at det vert nytta mindre plantevernmiddel i økologisk fruktdyrking.

Det ingen klare positive helseeffektar av økologisk diett samanlikna med konvensjonell diett. Likevel er det indikasjonar på at inntak av økologisk mat kan ha positiv effekt på sjukdomar knytt til immunforsvaret.

Vil du lese meir om helse, hygiene, patogener og restar av plantevernmiddel i konvensjonell og økologisk mat, så sjå HER...

1 kommentar:

  1. Vitskapskomiteen for mattryggleik, hvorfor skal vi stole blindt på disse? Skal vi som konsumenter bare ta alt de kommer med som god fisk, og stole på at de vil vårt beste? Eller bør vi være skeptiske og se på koblingene opp mot næringsinteresser?

    SvarSlett

Site Meter