2/14/2014
Gjødsling i økologiske eplefelt
Dag Røen ved Njøs Næringsutvikling skreiv i 2011 ein rapport om gjødslingsforsøk i eit økologisk eplefelt på Njøs. Den konkluderar med at ved delt gjødsling har vi oppnådd betre tilvekst i trea utan at det har gått ut over avling eller fruktkvalitet. Det har også vore gunstig for tilveksten i trea å fortsette med fresing under trea til midt i juli. Best avling per tre var det på grunnstamme M9, som gir dei minste trea. Les heile artikkelen her...
Eivind Vangdal ved Bioforsk Ullensvang skal i 2013 avslutte eit to-årig prosjekt som ser på ulike gjødslingstidspunkt, både med mekanisk fresing og med plastdekke under frukttrea, i økologiske felt. Målet er å finne optimalt gjødslingstidspunkt sett i samanheng med mekanisk ugrashantering. Rapport frå dette prosjektet kan ventast i slutten av 2014.
I mellomtida kan de fange opp eksempel på økologisk fruktdyrking frå det danske fagtidsskriftet Frugt og grønt (nr 11/2013).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar