1/02/2014

Danske forsøk med svovel og bakepulver mot skurv

Eit dansk forskingsprosjekt har sett på konsekvensar dersom ein ikkje sprøyter med svovel og ev. bakepulver i økologiske eplefelt. I tillegg har dei prøvd ut svovel-og bakepulversprøytingar frå vanleg traktorsprøyte og frå sprinkelanlegg. Utsorteringsgraden gjekk ned frå 45% på usprøyta tre, til 1-3% på areala som hadde god dekningsgrad med svovel-og bakepulversprøytingar. Les meir om prosjektet på agropub.no

Njøs Næringsutvikling på Leikanger i Sogn vil i løpet av 2014 montera eit sprinkelanlegg for sprøyting med svovel og bakepulver i den økologiske visningshagen som er etablert der. Det er venta både innsparing av arbeidstid og mindre køyreskader i feltet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter