5/06/2013

Innkøyring av ugrasmaskinen Orizzonti

Ugrasmaskinen Orizzonti Mira kan hjelpe deg med to ulike løysingar i frukthagen din: halde det fritt for ugras under trea og molde ned organisk gjødsel. Denne kombinasjonen får ein ikkje til med vanleg mypex-duk som mange har planta sine økologisk tre i.
 
Dei tidlegare ugrasmaskinane har vore harde mot unge tre, men ein har håp om at den nette ugrasmaskinen som no er kjøpt inn av dyrkarar i fleire frukdistrikt, skal ha gode nok følarar til å ikkje skade småtre.
 















Maskina vart kjøpt inn av Jon Asbjørn Målsnes i Balestrand, og det var utprøving av maskina i eit plommefelt den 2. mai. Det var grasdekke under trea og etter ei veke med mykje nedbør, måtte maskina jobbe hardt i seig torv. Men med justering og maskininteresserte tilskodarar gjekk maskina som forventa.



Her er det bilete av tre andre reiskap som ein enekelt kan bytte ut med fresen som er montert på det øvste biletet.

















Det er viktig å binde opp dryppvatningsslangane og montere på stopparar, for å hindre at vatndråpar ikkje fyljer slangen nedover.
















Her kjem to videosnuttar av prøvekjøringa med maskina. Den fyrst viser korleis maksina arbeider i trerekkene. Den neste visar korleis ein manuelt kan styre maskina frå førarhuset. Det var semje om at ein frontmotert løysing truleg er den beste, noko som maskina er tilrettelagt for:


 
 

Vil du sjå maskinen "live", vert det nye demonstrasjonar i føregangsfylka Sogn og Fjordane og Hordaland i mai og juni - for detaljert informasjon sjekk www.landbrukskurs.no :

21. mai - Lofthus i Hardanger
22. mai - Njøs Sogn og Fjordane
10. juni - Øystese (kontakt liv.lyngstad@lr.no for meir info)

Vel møtt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter