10/05/2012

Norsk Drikke festival 18-20 okt

Kompetansenavet Vest og Drikkefestivalen Norsk Drikke, Balestrand 18-20 oktober, ynskjer med dette velkommen til eit spennade program for alle som produserer drikkevarer eller tenker på å foredle frukt og bær, lage øl eller andre drikar. http://norskdrikke.no/program/

Kompetansenavet Vest vil spesielt tipse om workshop som vi har under festivalen der målsetting er å få oversikt over fruktvinar og korleis komme i gang med dette. Vi trur at mange serveringsbedrifter vil kunne tilby eigen drikke og eller samarbeide med produsentar om å få fram lokal smak og oppleving gjennom fruktvin og sider.

Lørdag 19. oktober kl. 11.00
Workshop:
Innføring i ulike fruktvintypar, kritiske punkt under setjing av sider og fruktvin.
Eivind Vangdal, dr scient Bioforsk Vest Ullensvang (på Ciderhuset). Kr. 350,- pr workshop.

Infomøte: 15:30-17:00
Korleis auke kvalitet og smak for levering til industri? Balholm fortel om sine erfaringar og vilkår. Kort innføring i regelverk for økologisk drift og mogleheiter for samdrift.

Ta kontakt om de lurer på noko eller har andre spørsmål om foredling og produksjon basert på lokale råvarer.

Helsing

Aud Slettehaug
dagleg leiar kompetansenavet for lokal mat vest
www.kompetansenavet.no

blogg: http://lokalmatkompetanse.blogspot.com/

tlf. 47 37 57 39
Sogn Jord- og Hagebruksskule www.sjh.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter