9/18/2012

Frukttur til Italia: ugrashandteringsmaskinar + gardsbesøk i november


Invitasjon til konvensjonelle og økologiske fruktdyrkarar i heile Norge:

Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Norsk fruktrådgjeving Hardanger
Skipar til studietur til nord-Italia 7. -10. november
Orizzonti-maskinen til Jan Ove Nes i bruk.
Mekanisk ugrashandtering i frukthagen er framtida for økologisk drift, og truleg og for mange konvensjonelle fruktdyrkarar. Har du funne ut at ei god masking for ugrashandtering er løysinga i din frukthage, men er i tvil om kva for ein du bør satse på – og kvifor? Då kan denne turen vera interessant for deg.

 Norsk fruktrådgjeving Hardanger har gode kontaktar i fruktmiljøet i Italia. I byrjinga av november går det av stabelen ei messe for landbruksutstyr, Eima, i Bologna i nord-Italia. Denne messa har mellom anna fleire produsentar som syner fram ein stor variasjon i maskinar og utstyr til bruk i vin-og fruktproduksjon. Innan vinproduksjon er det mykje lett utstyr tilpassa bratte dyrkingsforhold, som også kan nyttast i fruktdyrking. Firmaet Orizzonti som Jan Ove Nes kjøpt sin maskin frå er tilstades på messa, og kan vise oss fabrikken, dersom me er interesserte. Me vert truleg på denne messa ein heil dag.

Det store produsentmiljøet i Syd-Tyrol er ein 3-4 timars kjøretur unna. Der kjenner Norsk fruktrådgjeving Hardanger ein rådgjevar som kan vise oss korleis dei dyrkar og organsierar den økologiske eple-produksjonen i distriktet.


Grovskisse til programmet:

Ons. 7. nov –     reisedag – ankomst Bologna om kvelden

Tors. 8. nov –    utstyrsmessa Eima

Fre. 9. nov –      avreise Syd- Tyrol – 1-2 gardsbesøk og besøk på fabrikk for landbruksutstyr/fruktlager. Overnatting Syd- Tyrol

Laur. 10. nov -   1 gardsbesøk(?)  

Laurdag/Sundag - heimreise

 
Omvisingane blir på engelsk med enkel oversetjing, dersom det er behov.

Føregangsfylke kan dekke inntil 2000,- per deltakar i utgifter reise, overnatting og opphald. Buss, messeavgift og utgifter til omvisingar vert dekt av Føregangsfylke. Ved stor påmelding vert økologiske dyrkarar i Føregangsfylka Hordaland og Sogn og Fjordane  prioritert.

Alle avtalar er ikkje lagt enno, men sender du ein mail til Frøydis Linden; fmhofli@fylkesmannen.no (ev. send sms 90552194) vil du få oppdatert program når avtalane er spikra.

Meld din interesse innan 1. oktober, så vil du få varsel om bindande påmelding seinare.
Me håpar mange har lyst til bli med!

Beste helsing

Norsk fruktrådgjeving Hardanger v/Jan Ove Nes
Foregangsfylke økologisk frukt og bær v/ Frøydis Linden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter