6/13/2012

Nyplanta øko-felt er kursvert i Hardanger

Norsk Fruktrådgjeving i Hardanger inviterer til tredje samling i:

Kurs i intensiv kjernefruktproduksjon 2012

No er sommaren her, og me er klare for ei ny samling med Aad Wisse, den siste i 2012-kurset.  Hovudtema denne gongen vert bladgjødsling fram til hausting og etter hausting, kalsiumprogram, bladanalysar og N-min-analysar, tynning, korleis få optimal avling og kvalitet i år, kontrollert tørkestress og vekstkontroll, resultat av skjeringa.  Denne gongen vert heile samlinga utandørs, og det vert berre ein dag med to grupper.

Også denne gongen er at me vil oppmoda deltakarane om å møta på andre stader enn dei er vane med.  Me har difor ikkje sett opp ei gruppefordeling slik som før, og det er fritt fram for å møta på kva grupper og på så mange grupper ein vil.  Nybyrjarar er særskilt velkomne til å møta på fleire grupper!

 Praksisøkter:

I utgangspunktet vert det oversetjing på alle praksisgruppene, med mindre deltakarane ynskjer å kutta ut denne.

Me køyrer ikkje ei eiga pæregruppe denne gongen, men kikkar fort på Ingeborg-plantinga til Magnus Opedal på Århus før me går over på eple.

Gruppe 1 – Austsida:

Onsdag 20. april kl. 08.00.  Oppmøte ved ‘Ingeborg’-plantinga til Magnus Opedal på Århus.  Me byrjar her med ein liten pærediskusjon og flyttar oss deretter opp til epleplantingane i Opedal.  Deretter reiser me inn til Sekse og ser på Summerred-plantinga til Reidar Sekse og Celina hjå Terje Larssen.

 Gruppe 2 – Vestsida:

Onsdag 20. april kl. 13.30.  Oppmøte hjå Eva Aga Baas på Aga. Tre av ulik alder, frå tettplantingar til slank spindel.  Me reiser deretter ut til Jåstad og ser på den økologiske nyplantinga til Jan Ove før me avsluttar hjå Knut Byrkjenes Hauso.

Sjekk vermelding og ta med høvelege klede!

Med helsing Jan Ove & Endre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter