5/02/2012

Utgreiing av flaskehalsar innan økologisk plantevern



Plantevern er eit ord fyld med motsetnader innan økologisk dyrking. Men ein har som dyrkar av økologisk frukt og bær moglegheiter til å bruke eit avgrensa sett av plantevernmiddel som ikkje har eit kjemisk-syntetisk opphav.

Njøs Næringsutvikling har fått oppdrag frå Føregangsfylke økologisk frukt og bær, om å gjera ein gjennomgang av regelverk og flaskehalsar innan økologisk fruk-og bærproduskjon, med vekt på  plantesjukdommar og ugrasproblematikk. Utgreiinga skal vera ferdig til november 2012.

Førebyggande arbeid er alltid viktigast i økologisk drift, og det vil ikkje vere eit mål i seg sjølv å få fleire plantevernmiddel godkjende for økologisk drift. Undersøkinga vil fyrst finne ut kor ”skoen trykker” i innan økologisk frukt-og bærproduksjon, så vurdera opp mot førebyggande metodar og tilgjengeleg plantevernmiddel for økologisk drift.

Men er det biologiske plantevernmiddel som kan vera til nytte både i økologisk og konvensjonell frukt-og bærproduksjon, som ikkje er godkjende enno, vil det kunne sikre produksjon av økologisk frukt og bær i større grad enn i dag. Kva for biologiske plantevernmiddel vil det vera viktigast å prioriterai så fall, og kva vil det koste? Dette er nokre av spørsmåla utgreiinga vil svare på.

Generelt er det slik at eit plantevernmiddel fyrst må vera godkjend for konvensjonell drift, gjennom Mattilsynet, før ein kan bruke det  i økologisk planteproduksjon. I tillegg finst det i dagens norske økologiforskrift, som bygger på i EU-sitt økologiregelverk , ei liste over godkjende typar av plantevernmiddel. Nokre av midla som kan nyttast i EU er lov i Noreg,  og andre ikkje. Utgreiinga vil sjå på kva for plantevernmiddel ein nyttar i EU innan økologisk frukt-og bærproduksjon, og finne ut kor aktuelt det er å få godkjend nokre av desse i Noreg.

Det alltid ein jungel av forskrifter som regulerar kvarandre, og nokre er bygd på malar frå EU. Som fleire veit har økologiske frukt-og bærprodusentar, og etter kvart også konvensjonelle dyrkarar, nytta olje og grønsåpe i blanding som ein førebyggande strategi mot midd. Andre har nytta salt for å forsyne utvikla eple med meir kalsium, og slik førebygge prikksjuke. Dette er eksempel  på middel som ikkje krav om godkjenning som eit plantevernmiddel frå Mattilsynet, då produkta ikkje har vorte seld som eit plantevernmiddel.

Mattilsynet arbeider jamt og trutt med å sjå korleis krav til godkjenning av vanlege plantevernmiddel i Noreg og i EU, påverkar kva som er lov i økologisk drift. Det er venta endringar i samband med at ein i EU reviderar regelverk for både  plantevernområdet og økologiregelverket, så følg med på Mattilsynet sine nyhende på nett om plantevern og økologi - og meld deg på nyheitsbrev dersom du vil halde deg oppdatert.

Men ein fullstendig oversikt over moglegheiter innan økologisk sjukdom-og skadedyrkontroll i frukt-og bærhagar, og forklaringar på byråkratiske krumspring, må de altså vente med å få til november. Me reknar med å få presentert resultata frå utgreiinga når det skal vera økologisk bærseminar i Agderfylka den 23.-24. november, arrangert av NLR  Agder. Meir info om dette arrangementet kjem til hausten, men set av datoane no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter