5/16/2012

Frukt-studietur til Lier 21-22. juni med øko-innslag

Norsk Fruktrådgjeving Hardanger melder:
"I samband med at Aad Wisse kjem på ein ny Noregsturne i veke 25 (Samling i Hardanger onsdag 20. juni, og i Sogn den 21. juni) skipar me til ein tur til Lier torsdag 21. til fredag 22. juni slik at me kan få sjå litt andre plantingar, og sjå på ein del interessant teknisk utstyr. NB! Turen er open for alle, ikkje berre dei som er med på kjernefruktkurset! Det vil bli ein del nytt for dei som ikkje har delteke på Aad Wisse kursa før, men ein kan stilla spørsmål undervegs. Aad Wisse sine kurs går på engelsk, med omsetjing ved behov. Turen er arrangert i saman med NLR Viken.

Me reiser torsdag ettermiddag/kveld, og har program fredagen. Bussen vil starte på Lofthus, og plukke opp folk i Odda. Me skal innom til:

- Ragnar Swift (Konvensjonell drift, maskindemo (HSS sprøyte (www.hholenzoon.nl) og Agrofer fres (www.agrofer.it)).
- Marius Egge (Økologisk)
- Knut Eilert Sørnes (Konvensjonelt, tradisjonelle plantingar, leverer 100-110 tonn/år)

Overnatting i Drammen (ca. kr 1000,- i enkeltrom, kr 600,- i dobbeltrom). Satsar på å få med mange nok til at me kan leiga ein buss - det ser ut til at det blir rimeleg, men ein sats for kurs, transport og mat kjem i tillegg til overnattinga. 
Påmelding innan sundag kveld til
endre.bjotveit@lr.no eller ring 414 52 940 (For at me skal kunna gje ei tilbakemelding til hotellet førstkomande måndag.)"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter