Tid: 18.02.2012 kl.10.00
Stad: Midttun Kro og Motell
Møteleiar: Arvid Tveit, Grøn Etat Bergen Kommune
Møteavgift: Medlem kr 100, ikkje medlem kr 200
Påmelding innan 15.02 til jostein@fitjarbaer.no eller mob. 90 54 27 43
10.00 Velkommen
10.00 Jostein Prestbø frå Fitjar, fortel om ulike erfaringar kring etablering av tradisjonellt tunnelsystem i Bringebærfelt.
10.30 Arnfinn Trøen frå Voss deler sine erfaringar med montering og anna etter meir enn 10 års drift i eigenproduserte tunnellar som han har over sitt jordbærfelt.
11.00 Kaffipause
11.15 Henrik Tellevik frå Norsk Landbruksrådgiving tek for seg økonomien i næringa. Gjennomgang av oppdaterte kalkylar, og diskusjon kring ulike faktorar som påverkar dekningsbidraget.
12.15 Lunsj
13.00 Norsk Landbruksteneste, Øystese, orienterer om ulike mulighetar/ utfordringar vedrørande leige av utanlandsk arbeidskraft.
13.45 Representant frå Innovasjon Norge informerer om mulighetar for å søkje om støtte ved etablering av faste innstalasjonar ved bærproduksjon.
14.00 Årsmøte Hordaland Bær og Hagebrukslag
14.20 Kaffipause
14.45 Henrik Tellevik informerer om nyheter i Plantevernplan for 2012, og kva som er viktig ved oppstart av bærproduksjon.
15.15 Avslutning
Det har vore diskutert om me skal prøva å få til ei felles bestilling av ulike driftsmidlar for sesongen 2012. Dei som har behov for korger og anna, kan gjerne sjå på behovet før møtet, så kan me snakkast i pausane og rett etter møtet for å lage ei liste slik at styret kan ta ein runde for å hente inn prisar.
Det er som alltid slik at denne informasjonen vert sendt ut til dei me har kontaktopplysningar på, slik at me håpar de alle kan spreia informasjonen slik at me kan få flest mogleg nye interesserte med på møtet.Det har allereie vist seg at det lønnar seg å stå saman for å få til noko, så me i styret vil oppmoda dei som ikkje er medlem i Hordaland Bær og Hagebrukslag, om å melda seg inn.
Nokre fordelar for medlemmar:
- Billegare abonnement på fagbladet Norsk Frukt og Bær
- Lågare pris ved leige av laget sitt sprøyteutstyr
- Lågare deltakaravgift på fagsamlingar og anna
- Mulighet for å delta ved fellesbestillingar av driftsmidlar
Vel møtt til medlemmar og andre interesserte!
Helsing styret.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar