9/26/2011

Fagmøte om nye eplesortar og eplelagring




Norsk epleproduksjon har hatt lite fornying av sortimentet dei siste åra. Mange produsentar er usikre på kva sortar dei skal planta. Mange nye sortar er no under utprøving. Våren 2010 vart det planta ut 10 nye eplesortar ved fire stader i landet; Lier, Gvarv, Ullensvang og Nordfjord. Felta er etablerte etter moderne dyrkingssystem og lagt opp som eit storskalforsøk med mange tre pr. sort. Dei første resultata vert presenterte og det vert høve til å smaka på sortane.

Forbrukarane synest norske eple er heller mjuke og lite haldbare. Fleire prosjekt er i sving ved Bioforsk Ullensvang om korleis ein skal lagra epla betre. Dette gjeld i høve til næringstilførsel, haustetider og lagringsvilkår. Førebelse resultat vil verta presenterte.

Dette vert ein interessann fagdag for alle fruktdyrkarar - også økologiske.

Stad: Bioforsk Ullensvang. Forskingsbygget
Tid: Fredag 30. september kl. 1130 -14.00

Program:

11.30. Sortsprøvinga i eple v/M. Meland
11.50: Lagringsforsøka i eple ved Bioforsk Ullensvang v/E. Vangdal
12.10: Storskalaforsøket i eple - nye sortar v/K. Lichtenfeld
12.30: Smaking av nye eplesortar og enkel servering, kaffi og kaker
13.15: Feltvandring i Storskalaforsøket

Alle velkomne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter