5/30/2011

Skal du legge om til økologisk drift i år?

Skal du legge om til økologisk drift for fyrste gong? No nærmar det seg siste frist for å kunne få besøk av Debio i 2011, slik at du og kan søke om produksjonstilskot for areal i karens i august. 1. juni er fristen for å registrere deg og garantert få besøk av ein Debio-revisor i 2011. Du kan melde deg inn i Debio heile året, men melder du deg inn etter 1. juni, får du mest sannsynleg registrert areala dine i Debio fyrst i 2012.

Så, skal du få tilskot for økodrifta di og ha areala klar til øko-hausting om tre år (omleggingstida) så bør du registrere deg i Debio no. Då må øko-planen inn saman med registreringa i Debio. Øko-planen greier ut om korleis du vil drive areala dine økologisk innan for øko-regelverket. Du finn skjemaene til nedlasting hjå Norsk Landbruksrågjeving her - kontakt gjerne din lokale rådgjevar om hjelp til å fylle han ut. Vil du vite kva det kostar å vere med i Debio-ordninga finn du tala her.
Lukke til - og det er ikkje så vanskeleg som du trur!

NB! Driv du allereide økologiske areal som er registrerte i Debio, og i år får nye areal som skal leggast om, treng du ikkje å tenke på denne fristen. Då treng du berre å ha arealopplysningar (dekar og kode for arealet) og kart klart til revisjonen. Du treng ikkje å melde inn ekstra areal på førehand kvart år, når du fyrst er inne i Debio-systemet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter