5/20/2011

Nytt driftsmiddelregister i Debio

Debio lanserar for tida den nye nettbaserte tenesta som skal erstatte den gamle "positivlista". "Driftsmiddelregisteret" heiter det nye tilbodet, og du lesa meir om det på Debio sine nettsider. Driftsmiddel er konvensjonelle eller økologiske innsatsmiddel som ein kan bruke i økologisk drift, men med ulike restriksjonar. Det kan gjelde alt frå gjødselmiddel til plantvernmiddel.


Det er bedriftene sjøl som må registrere og sjekke om produkta er godkjende i høve til EU-regelverket. Det er ei betalingsbasert teneste, kor ein og kan betale Debio for å få rådgjeving om produktet kan vera godkjent for økologisk drift.

Men som sagt, det er selgaren av produktet som i fyrste hand er ansvarleg for å sjekke dette, før produktet vert lagt ut i driftsmiddelregisteret til Debio. Det vil slå tilbake på bedriftene om dei har ført inn feil informasjon i registeret. Sjølve registeret kan du sjå her...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter