2/08/2011

Planlegg innkjøp av tre i god tid!

Det er viktigare enn nokon gong å bestille tre fleire år på førehand, melder fruktrådgjevarane i Hardanger: I større grad vert det ønska 2-årige greina tre for å koma raskt i gang med produksjonen. Planteskulane ei stor utfordring med å planleggja kva sortar og kor mange tre dei skal laga. Grunna heksekostsituasjonen vil det verta stramma inn på kvar planteskulane kan skaffa podekvist og grunnstammer.

Framleis er det for mange som trur at dei ikkje treng å bestilla trea før i april når det skal plantast i mai. Sjølv om nyplantinga har auka noko dei siste åra har me framleis eit stort etterslep. Dårleg farga Aroma med støytflekkjer frå tette gamle tre på for sterke grunnstammer er eit tema som dukkar opp kvar einaste haust. Tenk gjennom kva felt som må fornyast dei neste 5 åra, legg ein plan, gjerne saman med ein rådgjevar, og ring planteskulen så snart som råd!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter