11/08/2010

Nytt økologisk produkt i tankane?

Går du med tankar om å satsa økologisk og lage eit økologisk produkt, er det råd å få hjelp til marknadsorientert produkt-utvikling og kompetanseheving. Statens Landbruksforvaltning har avtale med og Nofima Mat som skal sikre ekstra støtte til verksemder som utviklar og satsar på økologiske produkt. Dette gjeld både småskalaprodusentar og større næringsmiddelverksemder. Det er eit mål å skape meir trykk på produktutvikling og sikra forbrukarane eit større og meir variert utval av økologiske matvarer. Nofima Mat kan hjelpe verksemder med:

Produktutvikling:
-marknadsundersøkingar
-prøveproduksjon av prototypar
-hjelp til testing av rett emballasje
-hjelp til oppskalering i eiga verksemd
-analysar og testing av ferdig produkt
-optimalisering av reseptar og /eller prosess
-hjelp til å få produkt ut i marknaden

Prøveproduksjon:
-utvikling av prototypar til uttesting i marknaden

Besøk:
-Verksemder og produsentar frå tilbod om gratis besøk og oppfølging i eiga verksemd tilsvarande to dagsverk

Kontaktperson ved Nofima Mat er Åshild Longva 64 97 01 10
Les meir...

Har du ein ide som kan føre til ein heilkjedeavtale med ein bedrift i større skala enn gardsforedling, så er det midlar å søke på gjennom SLF. Les meir...

(saksa frå LR-Hordaland, melding nr. 2)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter