10/04/2010

Føregansfylker på Matstreif i Oslo

Stevan Najdovski og Ellen Marie Forsberg i ivrig samarbeid om å sykle fram en økologisk smoodie. Trykk på bildet og se film om hvordan det gikk.

Det var ein vellukka stand på Matstreif i Oslo 30. september til 2. oktober. Mange smakte på frukt og grønt og vart øko-gira. Snikinformering om øko-produksjon forekom, inniblant øko-quiz og smoodiesykling med økologiske råvarer. Biletene talar for seg sjølve:

Øko-informatørar på Matsteif , fv. Kirsti Rønning, Hanne. W. Carlsen og Jon Asbjørn Målsnes.

Fruktbonde Jon Asbjørn Målsnes frå Balestrand fortel om sin økologiske produksjon. Frøydis Lindén fortel om aktivitetane knytta til økologisk fruktproduksjon på Vestlandet.

Smaksløkane til dei som kom innom dømer og lokkar folk til å spørje og ville ha meir.

Hanne W. Carlsen frå Føregangsfylke Oslo Akershus og Østfold hjelper til når ein deltakar skal tråkke sin eigen smoodie.

Ein anpusten øko-smoodie-syklist ventar på smoodien sin. Helge Vittersø frå SLF og Ellen Marie Forsberg frå FMLA Oslo og Akershus mixar og sjenker herlegheita.

Ellen Marie Forsberg gler seg til å nyte sin fulløkologiske smoodie med tjukkmølk frå Røros, bær frå Vestlandet (bringebær, solbær, blåbær) og bananar og appelsinjucie frå sørlege breddegrader.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Site Meter