Hausten er ikkje berre tida for innhausting men og for talrike matfestivalar både aust og vest i landet.
Føregangsfylket var tilstades på Matvareaktøranes økodag på Kulinarisk Akademi i Oslo den 6. september. Her vart det informert om kor og når både butikkar og kokkar kan få bestilt norsk økologisk frukt og bær. I Bergen helga etter vart det seld kilosvis med økologiske plommer og epler frå lokale produsentar i både Sogn og Hardanger. Føregangsfylket for øko-frukt-og bær og OIKOS var tilstades med informasjon til ivrige øko-forbrukarar. På biletet ser du øko-frukdyrkar Jon Asbjørn Målsnes med ein av dei nøgde kundane frå Matfesten i Bergen.
For dei finst, øko-forbrukarane. På den nasjonale øko-konferanse kunne Forbrukarombodet melde om det finst mellom 12-16% av dei trufaste økoforbrukarane i Noreg, at dei er kvinner og lever i dei største byane i landet. Då er vel ikkje 15%-målet heilt bak mål, som det vert hevda i laurdagsutgåva av Nationen den 11. september?
Føregangsfylke vil gjerne møte fleire forbrukarar der ute, og håpar på å kunne stille både på siderfestivalen i Øystese 8.-9. oktober og på Bondens Marknad i Førde til helga. Me tek og med økologisk frukt frå Vestlandet til Matstreif i Oslo den fyrste helga i oktober. Vel møtt til dei som kan koma innom på ein av matfestane!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar