Kompostkurset i Aurland går av stabelen rett etter Pinse-helga. Dette er eit utruleg nyttig kurs som vil gje kunnskap om korleis du kan auke den biologiske aktiviteten både over og under jorda i hagen din. Det er ein viktig nøkkel til god næringsforsyning og motstandskraft i dei økologiske frukt-og bærareala dine.
Tredagarssamlinga startar med ein temadag på tysdagen (09.30-18.00), og så to praktiske fordjupningsdagar med korleis kompost og kompost-te vert laga (ca. 08:30-18.00 kvar dag). Urs Hildebrant frå Austerrike heldt foredrag og er kurshaldar i lag med Njøs Næringsutvikling og SJH - sjå under fanen "kompost" øvst på sida for bakgrunnsinformasjon.
Meld deg på direkte til Sogn Jord og Hagebruksskule (SJH): 57632650 eller e-post til: paamelding.sjh@sfj.no - høyr om dei har plass, sjøl om det er nokre dagar over fristen: 10. mai. Temadagen kostar 600,- inkl. lønsj, medan kurset kostar 1700,- inkl måltida utanom frukost. Overnatting kjem i tillegg - SJH hjelper til med rimelege alternativ.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar