8/19/2014

Økologiske plantevernstrategiar i Danmark

Bioforsk Økologisk har gjort ei undersøking over kva som rører seg av spennande forsking i Danmark når det gjeld økologisk plantevern innan frukt og bær. Dei fann fleire spennande prosjekt. Les meir i artikkelen til Grete Lene Serikstad i Bioforsk, her...

8/07/2014

Norske økoplommer er her!

Dei fyrste økoplommene er plukka og sortert i Hardanger, og kvaliteten er topp. Både Bama og COOP vil ha økoplommer til sine kundar. Løp og kjøp!



7/15/2014

Stor forskjell mellom økologiske og ikkje-økologiske frukt og grønnsaker

Vitenskapskomiteen for mattryggleik presenterte i slutten av april ei samanlikning av økologisk og konvensjonell mat. Dei konkluderte med at det var liten og ingen forskjell. Ein ny internasjonal studie som er publisert i tidsskriftet British Journal of Nutrition viser at det er STOR forskjell på økologiske og ikkje-økologiske frukt og grønnsaker. Du kan lese meir om resultata og laste ned artikkelen her ..

6/19/2014

Dei beste strategiane for at alle skal kunne velje økologisk frukt


I løpet av juni gjennomfører Føregangsfylket for økologisk frukt og bær strategimøte/arbeidsmøte der målet er å finne dei beste strategiane for auka volum og omsetting av økologisk frukt. Med på møtet er representantar frå næringa, omsettingsledd, forvalting, rettleiing og forsking/utdanning. Det vert halde eit møte i Aurland, eit i Gvarv og eit i Lier. Resultata frå møta kan du lese meir om i løpet av juli.

6/12/2014

Problem med lus på frukttrea i år?

2014 vert truleg hugsa som det store lusåret. Det er få tiltak å setje inn mot vaksne lus i økologisk fruktdyrking, men det er håp. Norges landbruksrådgjeving har søkt om dispensasjon for sine medlemmer til å nytte middelet Natria Insektkonsentrat. Natria Insektkonsentrat inneheld pyretriner som virkar på sugande insekt. Les meir om middelet HER

5/06/2014

Kva er sunnast – økologisk eller konvensjonell mat?


Vitskapskomiteen for mattryggleik har nyleg publisert ein rapport der ulike sider ved mat og matproduksjon i økologisk og konvensjonell drift vert samanlikna. Hovudkonklusjonen er at det er små forskjellar mellom økologisk og konvensjonell mat.
Generelt er det små forskjellar i næringsinnhald, sekundære plantemetabolittar og andre innhaldsstoff i planter, med unntak av økologisk frukt og bær som har høgare innhald av tørrstoff, askorbinsyre og antioksidantaktivitet. Konvensjonell kveite har generelt meir protein enn økologisk kveite, medan økologisk potet har høgare innhald av tørrstoff og stive. Fleire studier viser at det i økologiske kornblandingar er lågare nivå av mycotoxiner (sopp). Det kan vere viktig for små barn som et mykje frukostblanding. Nokre studier viser at det er like mykje mycotoxiner i økologiske og konvensjonelle eple, andre viser at det er litt høgare nivå i økologiske eple. Dette kan skuldast at det vert nytta mindre plantevernmiddel i økologisk fruktdyrking.

Det ingen klare positive helseeffektar av økologisk diett samanlikna med konvensjonell diett. Likevel er det indikasjonar på at inntak av økologisk mat kan ha positiv effekt på sjukdomar knytt til immunforsvaret.

Vil du lese meir om helse, hygiene, patogener og restar av plantevernmiddel i konvensjonell og økologisk mat, så sjå HER...

4/29/2014

Video av tynningsvisp

Videoen viser korleis ein kan tynne i plommetre med ein handhalden mekanisk visp. Rådgjevar Jan Ove Nes frå Norsk Fruktrådgiving Hardanger demonstrerar kort korleis ein brukar vispen. Han gir nokre gode råd om korleis ein bør bruke for å minske behov for handtynning seinare i sesongen. Vispen er eit alternativ til kjemisk tynning, og difor prioritert til økologiske produsentar. Den finst til utlån gjennom Norsk Landbruksrådgjeving i Hordaland og Sogn og Fjordane. Kontakt din lokale rådgjevar for tinging av vispen.


Sjå videoen her...

4/11/2014

Sal av økologisk frukt og grønt aukar kraftig!

Statens landbruksforvaltning (SLF) slepte i dag den årlege rapporten om utviklinga av salet til økologiske landbruksvarer i Noreg. Salet av økologisk frukt og grønt hadde ei auke på heile 47 % i 2013 - det lovar godt for norsk økologisk frukt-og bærproduksjon i framtida. Les meir på OIKOS sine nettsider her..., kor du også finn link til sjølve rapporten frå SLF.

Økologisk plantevernplan 2014

For å sikre vellykka økologisk fruktdyrking er det ein forutsetning at grunnleggande faktorar er best mulige og at ein sett inn tiltak til rett tid

Plana er satt opp av Føregangsfylket for økologisk frukt og bær, Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane ved Gunnhild Jaastad, Eivind Vangdal m.fl frå Bioforsk, og med kommentarar frå rådgivarar i Norsk Landbruksrådgjeving og fruktdyrkarar.

Vi tek gjerne imot rettingar og forslag til forbetringar. Planane vert revidert årleg (eller oftare om nødvendig) etter som vi får meir kunnskap og erfaring med økologisk fruktdyrking.

Last ned planen her...

3/21/2014

Kraftig auke i omsetjinga av økologisk frukt og grønt

Statens landbruksforvaltning slepte denne veka den årlege rapporten for ståa til norsk landbruk og omsetjinga av landbruksvarer i daglegvare-og storhushaldning. Det var i 2013 ei auke på heil 47% for norsk økologisk frukt og grønt. Det lovar godt for ei framtidig satsing på økologisk frukt-og grønt. Les mer om rapporten her...

2/16/2014

Eigen merkeordning for øko-andel på serveringsstader

Debio.no melder: "I løpet av 2013 ble det delt ut 125 av Debios serveringsmerker til både små og store aktører. Sjøforsvaret, michelin-stjernerestauranten Maaemo, samt Honning og Design og restauranten På Høyden i Hordaland, er tre vidt forskjellige virksomheter, med en ting til felles: et sterkt ønske om å servere økologisk mat."

Les meir her...

2/15/2014

Økologisk eple skulefruktordninga falt i smak

Elevar i Hordaland fekk hausten 2013 norske ø-merka eple på pulten, to skuledagar i haust. Elevane vart spurt om dei likte eple og dei føresette vart spurt om dei kunne akseptere ein meirpris i skulefruktordninga. Elevane likte godt dei økologiske eplene og oppsummert svarte foreldra slik:

"Omtrent halvparten av de foresatte som har noen formening om pris er villig til å betale mer for økologisk frukt/grønt. Omtrent 50 øre mer for økologisk ser ut til å være akseptabelt blant de som vil betale mer. "

Les meir her...
Site Meter