Her kjem litt om to viktige øko-saker som skjer på austlandet 15. og 16. juni:
KOPAR
Den 15. juni, skal vere ei høyring om kopar-saka. Då skal utredninga om kopar (sjå under "regelverk og kopar" øvst på sida) presenterast og det vert ein open diskusjon etter framlegginga. Regelverksutvalet er tilstades under høyringa og vil ta med seg argumenta inn i den interne diskusjonen dei skal ha direkte etter møtet, same dag.
Med andre ord så er det viktig å vera tilstades på dette møtet og koma med sitt syn på bruk av kopar i det framtidige øko-landbruket. Det er lang tid til neste gong det vert ein sjanse til å påverke denne saka så direkte som no. Møtet vil starte kl 09:30 og varer til ca 12.00. Om det blir i Drammen eller Oslo er enno uklårt, men eg skal sende melding så fort eg veit noko. Eller de kan kontakte Jon Magne Holten i Oikos direkte, etter 7. juni, for meir info: 23109644, jon.magne@oikos.no
Det hadde vore flott om det hadde stilt folk frå Vestlandet til koparmøtet – og gjerne til kurset og. Eg veit det er travle tider, men eg håpar nokon kan sette av tid. Eg veit óg at det vil verte ein engasjerande tur.
KOMPOST
Dagen etter koparmøtet skjer det ein annan spennande ting på austlandet. Dei som ikkje var med på kompostkurset i Aurland, kan få ein ny moglegheit i å læra meir om kompost. "Levande Jord"-prosjektet i føregangsfylket Buskerud skal ha eit praktisk retta dagskurs om kompostering den 16. juni i Drammen:
”16. juni: ”Kurs i kompostering” – bønder & hageeiere (Lindum)
Her vil vi ta for oss hvordan man i praksis skal lage en grunnleggende god kompost basert på ulike typer avfall og organisk masse som naturlig forefinnes på stedet. I tillegg skal vi gjennomgå metoden for AACT (Actively Areated Compost Tea) på vår jord og våre vekster..
Sted: Lindum
Tid: kl 17 – 21
Kurset er gratis
Påmelding til Anders Næss, e-post: anders.naess@c2i.net, mobil 957 59 765 ”
( spør han om overnatting også, anm. Frøydis)
Ja, med andre ord kan de slå to fluger i ein smekk: koparmøte og kompostkurs på to dagar!
Det var eit inspirerande kurs om kompost og jordforbedring på SJH i Aurland sist veke. Då var det Urs Hildebrandt som holdt kurs: http://www.landmanagement.net/ . De kan lese meir under "kompost" -fanen. Der har eg og tipsa om grønngjødslingsblandingar.
5/31/2010
5/10/2010
Kompostkurs i Aurland 25.-27. mai - meld deg på no!
Tredagarssamlinga startar med ein temadag på tysdagen (09.30-18.00), og så to praktiske fordjupningsdagar med korleis kompost og kompost-te vert laga (ca. 08:30-18.00 kvar dag). Urs Hildebrant frå Austerrike heldt foredrag og er kurshaldar i lag med Njøs Næringsutvikling og SJH - sjå under fanen "kompost" øvst på sida for bakgrunnsinformasjon.
Meld deg på direkte til Sogn Jord og Hagebruksskule (SJH): 57632650 eller e-post til: paamelding.sjh@sfj.no - høyr om dei har plass, sjøl om det er nokre dagar over fristen: 10. mai. Temadagen kostar 600,- inkl. lønsj, medan kurset kostar 1700,- inkl måltida utanom frukost. Overnatting kjem i tillegg - SJH hjelper til med rimelege alternativ.
Innsikt om miljøvenleg matproduksjon
Aftenposten sitt magasin "Innsikt" si siste utgåve, nr. 5 i 2010, har sju sider med nyttig informasjon om miljøvenleg matproduksjon. Side 50 tek for seg interessante funn knytta til frukt og næringsverdiar, og argumenterer for at råvarer frå økologisk drift er sunnare. Med ein stadig aukande import av alle frukt og grønnsaksslag, er dette interessant lesing. Eg kjøpte magasinet i dag, så truleg er det på butikken eller kiosken nær deg og. (Det finst ikkje som nettutgåve.) Løp og kjøp!
Fagmøte om mekanisk tynning i Ullensvang måndag 10. mai
I samband med prosjektarbeid med avlingsregulering vert det skipa til eit fagmøte med Dr. Michael Blanke frå universitetet i Bonn (Tyskland) som føredragshaldar. Han er ein internasjonalt kjend forskar innan plantefysiologi og dyrkingsteknikk i frukt.Føredraga vert haldne på engelsk med omsetjing ifall det er trong for det.
Stad: Bioforsk Ullensvang, Lofthus. Driftsbygningen
Tid: Måndag 10. mai kl 14-16
Alle er Velkomne!
Tema:
1. Ny metode for mekanisk tynning i eple, plomme og søtkirsebær
2. Orientering om "Baum" tynningsmaskin
3. Demonstrasjon i felt
Abonner på:
Kommentarer (Atom)